Sirkulasjonssvikt

 

Ved sirkulasjonssvikt, får ikkje organa tilstrekkelig blodforsyning og dermed ikkje nok oksygen. Dette er ein alvorleg tilstand som krev rask behandling.

Sirkulasjonssvikt kan komme av ulike grunnar.

  • Stort væsketap (For eksempel: Store blødningar, alvorleg dehydrering, store brannskader, heteslag).
  • At blodårene utvidar seg mykje (For eksempel: ved anafylaktisk sjokk)
  • At blodtrykket plutselig synker (For eksempel: Ved alvorleg hjartesvikt, hjarteinfarkt, rytmeforstyrrelsar, alvorlege forgiftningar).

Symptom

  • Rask puls og lavt blodtrykk
  • Bleik hudfarge, klam og kald hud, kalde hender og føter
  • Nedsatt bevissthetsnivå og sinnstilstand

Truande sirkulasjonssvikt er når tilstanden til pasienten kan utvikle seg til sirkulasjonssvikt. Her er det viktig å observere:

  • Bleik hud
  • Hurtig puls
  • At pasienten er uvel og engstelig

Årsaker til sirkulasjonssvikt har ofte samanheng med tap av blodvolum – enten som følgje av store blødninger eller væsketap. I tillegg kan store allergiske reaksjonar – der blant anna utviding av årer fører til blodtrykksfall gi sirkulasjonssvikt.

  • Stort væsketap grunna ytre eller indre blødningar
  • Stort væsketap grunna brannskade – væske fordamper fort fra kroppen når hud er skada og ikkje lenger beskyttar mot uttørring.
  • Alvorleg hjertesvikt, hjerteinfarkt eller rytmeforstyrringar i hjertet
  • Allergi
  • Alvorleg forgiftning
  • Heteslag

Ved sirkulasjonssvikt er det viktig å raskt tilkalle hjelp. Om det ikkje er ein lege tilstades, ring 113. Mens ein ventar på hjelp bør ein la pasienten ligge flatt med beina heva og passe på at han/ho har frie luftvegar. Dekk til pasienten for å unngå varmetap.

Ved ytre blødningar må ein stanse blødningen. Bli hos pasienten og hald han/ho roleg.

Mål er at pasienten opprettheld normal blodsirkulasjon.

Observer sinnstilstand og bevissthetsnivå, hud (farge, temperatur, kald eller klam), puls og blodtrykk

Symptom på truande sirkulasjonssvikt:

  • bleik hud – sjølv om blodtrykk og frekvens kan vere nomal
  • bløt og rask puls
  • at pasienten føler seg uvel og engsteleg

Symptom på sirkulasjonssvikt:

  • gråblek, kald og klam hud, kalde hender og føtter
  • bløt og rask puls
  • pasienten er fyrst engsteleg og uroleg, deretter søvnig og sløv, og til slutt bevisstlaus
  • at blodtrykket fell dramatisk og blir vanskeleg å måle

Tiltak:

  • Tilkall hjelp øyeblikkelig – både ved trugande sirkulasjonssvikt og sirkulasjonssvikt. Ring 1-1-3
  • Pasienten bør ligge flatt med overkroppen, og beina heva
  • Pass på frie luftvegar  og stabilt sideleie om pasienten er bevisstlaus
  • Dersom årsak er ytre blødning – stans blødning
  • Dekk til pasienten for å unngå varmetap
  • Ver hos pasienten og prøv berolige. Be pasienten puste djupt og roleg.
  • Pasienten må ha ro – skjerm mot inntrykk som kan gjere han engstelig eller urolig