Empati

Empati handlar om at ein prøvar å forstå korleies andre mennesker har det, og handlar ut fra det. Når du skal jobbe som helsefagarbeidar må du kunne setje deg inn i brukaren sin situasjon, slik at du kan gi dei den pleien og omsorgen dei treng. Med andre ord må du flytte inn i pasientens hode og sjå situasjonen med hans auger. Kvifor tenker og reagerer han som han gjer i ein situasjon? Du ville kanskje reagert på ein annan måte, men det er ikkje interessant der og då. Empati følgast som regel opp av ei handling eller væremåte som er til det beste for pasienten. Skal du for eksempel hjelpe ei eldre dame frå senga til stolen og ho er engstelig, legg du ekstra godt til rette for at ho skal føle seg trygg. På den måten er empati grunnlaget for å hjelpe eller støtte den andre.

Sympati er ikkje det same som empati. Empati er evna til å setje seg inn i andre sin situasjon. Sympati, derimot, handlar om at du har medlidenhet med ein person. Du bryr deg og ønskar å hjelpe, men fostår ikkje heilt situasjonen til den andre og veit kvadu kan sei eller gjere for å hjelpe.

Eksempel: Dersom ein venn har kjærlighetssorg, synes du kanskje synd på han eller ho. Kanskje gret dykk ilag. Når du har sympati, føler du med den andre og det blir noko de har til felles, men som ikkje fører til ein djupare forståelse. På den måten kan vi seie at sympati «berre» handlar om følelsar, men empati handlar om både kunnskap og følelsar.

Antipati betyr motvilje, avsky, noko vi har motstand mot. Nokre gonger møter vi pasientar eller pårørande som vi føler motvilje mot, eller som vi mislikar. Av ein eller anna grunn vekker dei motvilje eller ubehag i oss. Kanskje har dei ein væremåte vi ikkje likar, eller verdiar og holdningar du er heilt uenig i? Nokre gonger kan det være heilt greit å komme i fysisk kontakt med pasienten, mens andre gonger kan det bli vanskelig. Kanskje har pasienten mista kontroll over urin og avføring? Det kan føre til at han blir flau og føler skam, han blir avslørt og er svært sårbar. Du kan på di side også reagere negativt, og vise dette gjennom kroppsspråket ditt. Det kan være små ting: du snur deg bort, rynkar på nasa eller strammar leppene. Du har med andre ord ein mulighet til å være empatisk, men lar dei negative følelsane ta overhand. Resultatet er at pasienten føler seg enda verre – din eigen motvilje og antipati øker sårbarheten til pasienten.

Foståelse: du fangar opp noko som pasienten uttrykker, det påverkar dine følelsar. Pasienten kan uttrykke dette anten verbalt eller ved kroppspråk. Dermed kan det av og til være vanskelig å tolke kva pasienten uttrykker. Derfor må ein observere, tolke og vurdere fagleg det ein har fanga opp.

Atferd:  Korleis kan ein viser pasienten at ein ønsker å forstå korleis han har det? Dette kan du vise igjennom både samtale og handling. Uansett må ein vise interesse, og at ein anerkjenner og respekterer dei meiningane og følelsane han har. Det er viktig at ein set seg ned, gjer pasienten ro og tiid, lyttar aktivt og føl opp dei signala han gir.

Evaluering: Etter at ein har vist empati for ein pasient, er det viktig å evaluere situasjonen. Klarte du å gje pasienten den støtta han trengte? Kunne ein evt gjort det på ein annan måte?

Målet med empatisk kommunikasjon er å få til ein god dialog mellom to personar (pasient og yrkesutøver). Det innebærer at pasienten er den som blir sett og er i fokus. Når pasienten føer at du er interessert i han og bekreftar kva han føler og opplever, kan det bli lettare å snakke om ting som er vanskeleg.

Metoden har fire trinn:

  1. Fortellinga: Være tydeleg på at du er interessert og bryr deg, inviter pasienten til å fortelje det som har skjedd. La pasienten få fortelle med eigne ord utan at du avbryter. Ikkje kom med trøst eller eigne vurderingar på dette tidspunktet.
  2. Følelsane: Her er det viktig at pasienten får kontakt med følelsane sine. Derfor spør du pasienten om kva følelsar som dukka opp i situasjonen. Og kva følelsar kom når pasienten fortalte om situasjonen no.
  3. Refleksjonar og tankar: Få pasienten til å reflektere rundt det som skjedde. Kva betydning har opplevelsen hatt? Har det endra noko i livet? Har pasienten forslag til korleis noko kan løysast eller forbetrast?
  4. Medfortelleren: No kan du bekrefte og anerkjenne dei tankane og følelsane pasienten har. Det er viktig å bekrefte at pasienten blir lytta til, hørt og sett. Få gjerne pasienten til å utdjupe meir om noko er uklart. Etterpå kan du komme med refleksjonar og vurderingar. Kanskje ser du muligheter og løysingar som pasienten sjølv ikkje har sett?

 

 

Vi viser ikkje berre empati gjennom verbal kommunikasjon, men også igjennom kroppsspråk. Kva pasienten viser med kroppen sin, og du med din når ein snakkar om kommunikasjon har derfor stor betydning når vi snakkar om empati.