August/September
Oppstartssamtale
I løpet av august eller starten av september vil vi ha den fyrste oppfølgingssamtalen med deg. I denne samtalen blir vi betre kjent, lærer deg Olkweb og planlegg saman med deg og instruktøren din læretida framover.
8. september
Oppstartssamling for alle lærlingar
Oppstartssamling for alle nye lærlingar. Samlinga finn stad på Gloppen Hotell på Sandane. Eigen invitasjon til arrangementet blir sendt ut til deg i august.
September/Oktober
Ny oppfølgingssamtale
3 veker etter fyrste oppstartssamtale vil vi komme på nytt besøk i bedrifta di, og følgje opp at alt går fint med deg.
11. november
Føredrag med Simen Almås
11. november blir du invitert til å bli med på eit spennande føredrag med Simen Almås i Operahuset Nordfjord.
Desember
Juleturnering og show i Operahuset Nordfjord
Før jul vil vi samle alle våre 1års lærlingar til juleturnering og show i Operahuset Nordfjord.