• August/September

     

    Oppstartssamtale

    I løpet av august eller starten av september vil vi ha den fyrste oppfølgingssamtalen med deg. I denne samtalen blir vi betre kjent, lærer deg fagbrev.io og planlegg saman med deg og instruktøren din læretida framover.

  • 7.-8. september

     

    Kompani Nordfjord: Oppstartssamling for alle nye lærlingar

    Obligatorisk oppstartssamling for alle nye lærlingar. Eigen invitasjon til arrangementet blir sendt ut til deg via sms.

  • September/Oktober

     

    Ny oppfølgingssamtale

    3 veker etter fyrste oppstartssamtale vil vi komme på nytt besøk i bedrifta di, og følgje opp at alt går fint med deg.

  • Gjennom heile hausten:

     

    Supersamling rundt om i Nordfjord

    Gjennom heile året vil det bli arrangert supersamlingar med ulike sosiale aktivitetar på ettermiddag/kveldstid. Desse samlingane vert gjennomført over heile Nordfjord, i nærmiljøa der lærlingane bur og jobbar. Samlingane er ikkje obligatoriske, men viktige sosiale treffpunkt gjennom læretida. Invitasjon til samlingane kjem frå vår superfritidssjef Hilde-Kristin.