August/September
Oppstartssamtale
I løpet av august eller starten av september vil vi ha den fyrste oppfølgingssamtalen med deg. I denne samtalen blir vi betre kjent, lærer deg OLKweb og planlegg saman med deg og instruktøren din læretida framover.
8.-9. september
Kompani Nordfjord: Oppstartssamling for alle nye lærlingar
Obligatorisk oppstartssamling for alle nye lærlingar. Eigen invitasjon til arrangementet blir sendt ut til deg.
September/Oktober
Ny oppfølgingssamtale
3 veker etter fyrste oppstartssamtale vil vi komme på nytt besøk i bedrifta di, og følgje opp at alt går fint med deg.
Gjennom heile hausten:
Supersamling rundt om i Nordfjord
Gjennom heile året vil det bli arrangert supersamlingar med ulike sosiale aktivitetar på ettermiddag/kveldstid. Desse samlingane vert gjennomført over heile Nordfjord, i nærmiljøa der lærlingane bur og jobbar. Samlingane er ikkje obligatoriske, men viktige sosiale treffpunkt gjennom læretida. Invitasjon til samlingane kjem frå vår superfritidssjef Hilde-Kristin.