Korleis følgjer vi deg opp i læretida?

Det å gå frå elev til lærling er eit stort steg. Endeleg skal du ut i arbeidslivet etter mange år på skulebenken. Sannsynlegvis kjenner du både på spenning og uvisse no når du skal bli lærling. Vår viktigaste jobb er at du skal oppleve læretida som trygg, lærerik, innholdsrik og sjå tilbake på denne som noko veldig kjekt.

Som superlærling skal du få super oppfølging igjennom heile læretida. Dette gjere vi ved å ha faste samtalar med deg. Minimum kvar tredje månad har vi oppfølgingssamtalar med deg og instruktøren i bedrifta du skal jobbe i. Som lærling får du ein læreplan som beskriv kva du skal lære i læretida. Det er denne som danner grunnlag for arbeidsoppgåvene du får i bedrifta.

I tillegg til faste møter vil vi følgje deg opp utanom dette både på telefon, video eller ved at vi kjem på besøk til deg i bedrifta di. Gjennom læretida vil du bli invitert med på mange kjekke aktivitetar som surfing, rafting, klatring m.m. der du blir kjent med dei andre superlærlingane våre. Kvar veke arrangerer superfritidssjefen supersamlingar på kveldstid rundt om i dei ulike bygdene i Nordfjord. Arrangementsoversikta vår finn du her.

I bedrifta di vil du få ein eller fleire instruktørar som skal følge deg opp i kvardagen og vere med å lære deg opp i ulike oppgåver og gi deg rettleiing. Læreplanen i faget ditt er den som formar kva type arbeidsoppgåver du vil ha.