0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

INSPIRASJONSKVELD OG SUPERINSTRUKTØR 2.0

1.september i Operahuset Nordfjord!

Vi ynskjer alle våre instruktørar, lærlingar og tilsette i superbedriftene våre velkomne til inspirasjonskveld.

Denne kvelden får vi besøk av fantastiske Simen Almås, som er en av landets mest ettertrakta foredragsholdarar innen livsglede og psykisk helse. Han kjem til Operahuset Nordfjord for å inspirere våre superinstruktørar og alle andre som ynskjer å delta.

Arrangementet er to-delt der fyrste del som startar kl 18:00 blir ei eiga ekslusiv samling kun for superinstruktørane våre. I denne seansen vil vi i lag med dykk ta opp viktige tema og utfordringar knytt til det å vere instruktør for lærlingar. Her blir det også lett servering.

I andre del av kvelden, frå kl 19:30, skal vi endeleg få møte og høyre Simen Almås. Denne delen av arrangementet er ope for alle våre lærlingar, tilsette i Superbedriftene og samarbeidspartnarar.

Vi er sikre på at dette blir ein strålande kveld der ein sit igjen med ny kunnskap og kanskje med nye ting i verktøykassen for den viktige rolla ein har som instruktør for lærlingane.

For å delta er det viktig at du huskar å melde deg på skjemaet nederst på sida:)

  • 18:00

    Del 1: Samling for Superinstruktørane våre (Operasalen)

  • 19:30

    Del 2: Inspirasjonsforedrag med Simen Almås (Operasalen)

    19:30

  • 21:00

    Avslutning

Dette er Simen Almås:

Simen Almås levde eit alminneleg og vanleg liv heilt til han den 6. August 2007 blei livstruande skada i ei eksplosjonsulykke. Simen var då berre 13 år og hadde dårlege odds for å overleve. Etter fleire dagar i koma våkna han opp med store fysiske og psykiske skadar.

Vegen tilbake var vanskeleg for Simen, men han opparbeida seg etterkvart noko som han opplevde som det  “riktige tankesettet”. Dette hjelpte han med å kome tilbake på rett spor og til å takle motgangen han møtte undervegs. Sakte, men sikkert, kom livet tilbake til normalen og ting gjekk framover. Alt såg lyst ut for Simen, heilt til sommaren 2011, då han var med på sommerleiren på Utøya.

Simen var ein av dei heldige som overlevde tragedien på Utøya. I dag bruker han sin livshistorie som grunnlag for føredraga han held i rundt i heile vårt landstrakte land. Simen ynskjer å inspirere og motivere andre til å leve livet fullt ut, og ta vare på alle dei flotte opplevingane i liva sine.

Simen er blitt ein av landet sine mest ettertrakta og populære føredragshaldarar innan livsglede og psykisk helse trass sin unge alder.

Meld deg på arrangementet