INVITASJON TIL INSTRUKTØRKURS

11 – 12. mai 2021 (Stryn)

Vi har gleda av å invitere nye instruktørar til instruktørkurs. På kurset lærer du meir om mellom anna motivasjon, rettleiing, vurdering og kommunikasjon. I tillegg vil ein òg få bli betre kjent med vårt elektroniske opplæringsverktøy Olkweb, og korleis du kan bruke dette best mogeleg. Kurset passer for dei som er nye som instruktør eller tidlegare ikkje har tatt dette kurset igjennom Nordfjord opplæringskontor.

Kurset går over 2 dagar (12 timar), og varer frå kl 09.00 – 15.00 begge dagar.

Praktisk informasjon blir sendt ut på SMS ca 1 veke før kurset. Det blir servert lunsj begge dagar på kurset.

Frist for påmelding innan fredag 4. mai.

COVID-19

Kurset vil bli lagt opp etter gjeldande reglar for Covid-19. Dette betyr at kurset blir gjennomført i lokale med fastmonterte stolar. Max deltakartal på samlinga er 20 personar.

Meld deg på