0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

VELKOMMEN TIL SURFETUR!

23.-24. mai (Hoddevika)

Torsdag 23. og fredag 24. mai vert det endeleg surfetur med overnatting til vakre Hoddevika i Stad for alle 1. års-lærlingane!
Turen er obligatorisk for alle ungdomslærlingar. 

Overnattinga blir i ein kombinasjon av lavvo og innandørs.

På turen vert det også tid til fjelltur, god mat og kjekke stunder rundt bålet.

Alle får surfekurs av dyktige instruktørar. Vannskrekk? Ingen problem, vi har alternative aktivitetar :).

Oppmøte kl 11. i Hoddevika torsdag 23. mai.

Påmelding
Turen er obligatorisk, men alle MÅ sende inn skjemaet nedanfor – så vi får info om korleis du kjem deg til Hoddevika, kva aktivitetar du vil delta på, eventuelle allergiar med meir :).

Send inn tilbakemeldingsskjema innan 9. mai 2024

Vi gler oss til å reise på tur med superlærlingane våre :).

Send oss info til obligatorisk surfetur for 1. årslærlingar 2024

TRANSPORT

Oppmøte seinast kl 11 torsdag 23. mai – her er kartlink til Hoddevika (Stad Surfing, kvitt og blått hus, sjå bilde ovanfor). 

Det er mange som køyrer sjølv, det blir mange bilar og trangt, så vi må parkere smart 🙂 

Vi tek kontakt med dei som treng skyss. Kontakt Kristin, 90050092, om du har spørsmål.

PAKKELISTE

  • Gode sko (type terrengsko – må tole å bli våte)
  • Klede til fjelltur og kveldsaktivitetar
  • Liten sekk til fjelltur
  • Sitteunderlag (evt. strandstol)
  • Toalettsaker
  • Sovepose/pute/liggeunderlag
  • Varme og gode klede til å vere ute i, uansett ver
  • Handkle
  • Ull/superundertøy (gjerne to sett, om du har)
  • Vindtett jakke,  (Været snur fort i Hoddevika)
  • Drikkeflaske
  • Hue (viktig!)
  • Snacks, brus o.l. (vi sørgar for frukost, lunsj, middag)
  • Casual klede
  • Solbriller
  • Lette klede til type volleyball i fint vær.
  • Sandalar og/eller joggesko
  • Badeklede
  • Shorts/t-skjorte til å ha før/etter surfing (alle får utdelt våtdrakt til surfinga)
  • Skateboard om du har lyst til å skate 🙂

Om du manglar noko, kan mykje lånast hjå BUA som er lokalisert fleire stader i Nordfjord https://www.bua.io/lane-utstyr
Om du ikkje får tak i utstyr sjølv, ta kontakt med Kristin i Nordfjord opplæringskontor (900 500 92)  så skal vi hjelpe. 

PROGRAM

Meir info kjem!

 

REGLAR PÅ TUREN

  • Opplæringskontoret er ansvarleg for turen, og vi forventar inntak og oppførsel deretter.
  • Oppmøte presis til felles aktivitetar, måltid og transport. Alle skal delta på aktivitetane.
  • Ta ansvar for å inkludere alle, og sørge for at alle skal ha det kjekt på tur.
  • Fartsgrensa i Hoddevik er 30 km/t. Den skal haldast.
  • Godt humør 🙂