Velkommen til obligatorisk oppstartssamling med overnatting.
Viktig å merke seg at alle nye lærlingar skal delta på denne samlinga.
Vi lovar to superkjekke og innhaldsrike dagar med aktivitetar, fagleg innhald, overnatting og mat for alle våre nye superlærlingar.
Oppmøte torsdag 8. september kl 09.45 på Firda Kaserne på Nordfjordeid.
Pakkeliste!
Toalettsaker
Handkle
Solkrem
Varme og gode klede til å vere ute uansett ver (som regnjakke, utebukse, varm jakke)
Sko og skobytte. Bør tole vatn
Superundertøy eller ull
Lue
Tynne hanskar
Casual klede
Klede til å vere i aktivitet
Snacks o.l (Vi står elles for alle måltid. Merk deg at det ikkje blir anledning til å handle i løpet av samlinga)
Kosebamse
NB! Sengeklede, dyne og pute er på kaserna. De slepp å ta med dette. Alle skal overnatte på kaserna frå torsdag til fredag.
Matallergi eller andre hensyn?
Ta kontakt med Kristin på tlf 90050092 om du har matallergi eller intoleranse som vi må ta hensyn til i forbindelse med matservering.
Kartlink og transport
Her er google maps link til Firda Kaserne: https://goo.gl/maps/kZGFtPMqsVPQCLDz9
Har du utfordring med å kome deg til samlinga, ta kontakt med oss snarast.
Vi ser fram til å få deg innrulert i Kompani Nordfjord sine styrkar 😊