0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

INVITASJON TIL INSTRUKTØRKURS

Tysdag 30. og onsdag 31. august 2022
Nordfjordeid

Vi har gleda av å invitere nye instruktørar og faglege leiarar til instruktørkurs.

Kurset passer for deg som er ny som instruktør eller tidlegare ikkje har tatt dette kurset igjennom Nordfjord opplæringskontor.

Kurset går over 2 dagar, og varer frå kl 09.00 – 15.00.

Dag 1
Første dag av kurset vert gjennomført i samarbeidet med Rettleiingstenesta i Vestland Fylkeskommune.

Dag 2
Denne dagen er Nordfjord opplæringskontor ansvarleg for. Du vil lære meir om mellom anna motivasjon, rettleiing, vurdering og kommunikasjon. I tillegg vil ein òg få bli betre kjent med vårt elektroniske opplæringsverktøy Olkweb, og korleis du kan bruke dette best mogeleg.

Flott om du sjekker at du har innlogging til OLKweb. Ta kontakt med Kristin på tlf nr 90050092 om du har behov for å låne pc.

Kart
Kurslokalet er Eid Kyrkjetun i Sjøgata 90 på Nordfjordeid
Kartlink finn du her: https://goo.gl/maps/hpFaaQHKrzsuVmECA
Kurset byrjar kl 09.00.

Praktisk informasjon blir sendt ut på SMS 25. august. Det blir servert lunsj begge dagar.

Påmelding
Påmeldingsfristen har gått ut og vi gledar oss over at kurset er fullbooka.
Velkommen til alle som har meldt seg på 🙂
Om du ikkje har fått plass på dette kurset, anbefaler vi deg å melde på kurset i Stryn 21.-22. september.