0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

Invitasjon til inspirasjonsdag

Språk&Yrkesopplæring i skule og bedrift

Firda Vidaregåande Skule
1.juni kl 10.00 – 14.00

Nordfjord opplæringskontor og Firda Vidaregåande Skule har gleda av å invitere instruktørar/rettleiarar, lærarar, samt leiarar i skular, kommunar og bedrifter til inspirasjonsdag med det viktige temaet Språk og yrkesopplæring i skule og bedrift.

Kurset passar spesielt for dei som jobbar med oppfølging og veiledning av minoritetsspråklige elevar og lærlingar. Tema for dagen vil mellom anna vere språkforståing, kulturforståing, inkludering og utvikling.

Vi lovar ein variert og nyttig dag, der hovudgjest for dagen er Anne Beate Eide frå Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring. Anne Beate har lang erfaring og utdanning innan feltet, og vil tilføre deltakarane både ny kunnskap og dele sine erfaringar med dette viktige arbeidet.

Påmelding innan 27.mai via skjemaet nedanfor

Påmelding til inspirasjonsdag 1. juni 2022