Kva er ein superlærling?

  • Er lærling i superbedrifter i Nordfjord
  • Superoppfølging
  • Er ein ressurs for bedrifta
  • Ser bedrifta med nye auge / er klar til å bidra
  • Har lite fråvær
  • Motivert/Aktive
  • Er med på mykje kjekt i tillegg til å vere lærling
  • Superinstruktørar i bedriftene som er klare til å bringe deg fram til fagbrevet

OM OSS

Nordfjord Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som skal dekkje kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Selje og Vågsøy.  Saman med våre medlemsbedrifter skal vi skape læreplassar, auke rekrutteringa til våre medlemsbedrifter og gje dei som ynskjer å skape sin yrkesveg i Nordfjord mogelegheita til akkurat det. Vårt hovudmål er å gje lærlingane ei best mogeleg læretid frå skule til fagbrevet ligg stolt i handa.

Vi skal vere ein aktiv samarbeidspartnar for ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen, og gje medlemmane våre tilgang på kvalifisert arbeidskraft. I Nordfjord Opplæringskontor tek vi ansvar for administrasjon, oppfølging, kvalitetsikring og rekruttering slik våre medlemsbedrifter kan konsentrere seg om sjølve lærlingen. Greitt ikkje sant?

Nettside levert av Frequency