Q&A til superlærlingane

Sist oppdatert: 24. mars 2020

Q: Kan eg som lærling bli permittert?
A: Ja, det er tillete å permittere ein lærling. I ein vanleg situasjon vil det då vere slik at vi som opplæringskontor har ansvar for å finne ny arbeidsplass til lærlingen. Gitt den situasjonen vi er i no – vil ikkje denne kunne gjelde i praksis. I høve permittering er hovudregelen at «lærlingen skal forlate bedrifta saman med siste fagarbeidar». Det vil seie at så lenge ein har produksjon i ei bedrift og kan gi ei forsvarleg opplæring, bør lærlingen skjermast. Om ein skulle oppleve å bli permittert er det viktig at ein held dialogen med arbeidsgjevaren om dette.

Q: Vil eg som lærling kunne få lengre læretid om eg blir permittert?
A: Ja, om permitteringa varer over tid vil læretida bli forlenga. Om permitteringa vil vare kortare tid (under fire veker) vil dette vere ei vurdering vi gjer i høve kor langt du som lærling er komen i opplæringa di i samråd med medlemsbedrift og lærlingen. Alle desse spørsmåla vil ein ta stilling til når ein er tilbake på jobb.

Q: Kva rettar har eg om blir permittert?
A: Du som lærling har akkurat same rettar som andre arbeidstakarar, men sidan lærlingløna er låg vil ein i mange tilfelle ikkje oppnå kravet om minsteinntekt for dagpengar. Regjeringa har sett i gang ulike tiltak for å sikre lærlingane lønn. Av dei viktigaste endringane som er komne:

  • Lærlingane er inkluderte i regelendringa om at arbeidstakarar er sikra lønn i 20 dagar.
  • Minimumsgrensa for inntekt på 150.000,- siste 12 månader, er senka til kr 75.000,-.
  • Stortinget har no vedteke at lærlingar som har mista læreplassen i forbindelse med virusutbrotet skal få ei inntekt på nivå med lærlingløna.

Q: Kva om eg får utfordringar økonomisk?
A: Om ein ser at ein ikkje klarer å overhalde økonomiske plikter som t.d. lån er det viktig at ein snarast tek kontakt med bankkontakta si. Bankane har forståing for situasjonen, men det fordrar at dei får beskjed. Ta elles kontakt med oss direkte om de treng hjelp til noko eller treng råd.

Q: Kva gjere eg om eg må vere heime med born?
A: NY OPPDATERING 20.mars 2020: Det tidlegare regelverket om ti omsorgsdagar for kvart barn som er under 12 år er endra til 20 dagar. Om ein er åleine med omsorg for barn, har fleire barn enn to, har omsorg for kronisk sjuke barn eller funksjonshemma barn, kan ein ha rett på fleire omsorgsdagar. Om ein skulle komme i den situasjonen at omsorgsdagane blir brukte opp er det viktig at ein tek kontakt med arbeidsgjevar direkte om denne problemstillinga. I nokre tilfelle så kan ein søkje NAV om ekstradagar. Følg med på informasjon frå arbeidsgjevar eller nav.no om dette.

Q: Kan eg nytte den andre føresette sine omsorgsdagar?
A: Nei, det er ikkje mogeleg å overta den andre føresette sine omsorgsdagar, men styresmaktene ser på mogelegheita for endringar. Per no er det likevel dagens regelverk som gjeld.

Q: Har eg rett til sjukmelding om eg må vere heime med barn?
A: Du har ikkje rett til sjukmelding dersom grunnen til at du ikkje kan vere i arbeid er at du må passe barnet ditt som følgje av stengd skule/barnehage. Det er viktig å ha god dialog med arbeidsgjevar om ein har utfordringar knytt til dette.

Q: Vil fagprøva mi gå som tenkt?
A: Samtlege fagprøver blir utsette på uviss tid uansett om ein har fått prøvedato eller ikkje. Vi vil halde dialogen med kvar einskilt lærling og bedrift om dette framover.

Q: Blir eg likevel meldt opp til fagprøve?
A: For at fagprøvene skal kome i gang så raskt som mogleg etter at situasjonen har normalisert seg, vil vi halde fram med å melde opp lærlingane våre til fagprøve. Dette fordi at prøvenemndene skal kunne planlegge gjennomføringa/omfang av desse.

Q: Kva skjer om eg ikkje får gjennomført fagprøva i løpet av læretida?
A: I slike tilfelle vil læretida bli utvida, og ein set ny slutt-tid for lærekontrakta.

Q: Kva skjer med lærlingturar og andre aktivitetar for lærlingane?
A: Det er ingen planlagde aktivitetar for lærlingane før i mai. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om desse aktivitetane blir råka.

Q: Kva skjer med oppfølgingssamtalar framover?
A: Som vi førre vekvedtok i veke 11 vil alle oppfølgingssamtalar gå som normalt, men då via Skype eller FaceTime. Kvar einskilt superrådgjevar vil ta kontakt for å avtale med kvar einskild lærling og instruktør. Som alltid – vi er tilgjengelege 24/7 for å hjelpe deg som lærling med spørsmål, eller om du rett og slett berre vil ta ein prat

Beste helsing supergjengen i Nordfjord Opplæringskontor

Q&A til medlemsbedriftene

Sist oppdatert: 24. mars 2020

Her litt praktisk informasjon i høve ulike forhold kring lærlingane gjeve den situasjonen som vi no er i. Vi må understreke at situasjonen og regelverket endrar seg raskt, og difor vil vi etter kvart som vi får ny informasjon oppdatere informasjonen.

Q: Korleis fungerer permittering av lærlingar?
A: I høve permittering er hovudregelen at «lærlingen skal forlate bedrifta saman med siste fagarbeidar». Det vil seie at så lenge ein har produksjon i ei bedrift og kan gi ei forsvarleg opplæring, samt har oppgåver som lærlingen kan utføre, bør lærlingen skjermast. Om koronaviruset fører til at ein må permittere lærlingar så gjeld følgjande:

  • Lærlingar og lærekandidatar som vert permitterte som følgje av koronaviruset vil få utvida si læretid. Vi tek stilling til kor lenge læretida blir utvida, når lærlingen er tilbake på jobb.
  • Om permitteringa vil vare kortare tid (under fire veker) vil ein for andreårslærlingar vurdere om læretida må utvidast. Dette vil vere ei vurdering ein gjer i høve kor langt lærlingen er komen i høve si opplæring og i samråd med medlemsbedrift og lærlingen. I begge desse tilfella vil ein ta standpunkt til utviding når ein er tilbake i normalen.

Q: Korleis fungerer løn og dagpengar for lærlingane?
A: Mange lærlingar er naturlegvis uroa for økonomien i høve om dei skulle bli permitterte. Fleire har sjølvsagt – på lik linje med andre – økonomiske plikter som dei må overhalde. Lærlingar har som kjent berre 40 % til 80% av ei faglært lønn. Permitterte lærlingar som eventuelt skal søkje om dagpengar vil berre få 62,5% av løna si igjen. I utgangspunktet er regelverket slik at ein berre har rett til å motta lønn om ein har tent over 1,5G (over 147.787,-) dei siste 12 månadane. Denne grensa er no mellombels senka til kr 75.000,- og vil difor kunne ta i vare lærlingar som blir permitterte.

  • Lærlingene er inkluderte i regelendringa om at arbeidstakarar er sikra lønn i 20 dagar
  • Grensa på 150.000,- i inntekt siste 12 mnd, er senka til kr 75.000,-.
  • Stortinget har no vedteke at lærlingar som har mista læreplassen i forbindelse med virusutbrotet skal få ei inntekt på nivå med lærlingløna.

Q: Kva skjer med fagprøvene?
A: Samtlege fagprøver blir utsette på uviss tid uansett om ein har fått prøvedato eller ikkje. Vi kjem tilbake med informasjon så snart vi veit noko meir.

Q: Kva skjer med oppmelding av nye fagprøver?
A: For at prøvearbeidet skal kome i gang så raskt som mogleg etter at situasjonen har normalisert seg, vil vi halde fram med å melde opp lærlingane til fagprøve. Dette fordi at prøvenemndene skal kunne planlegge gjennomføringa/omfang av desse.

Q. Vil det bli gjennomført pppfølgingssamtalar?
A: Som kommunisert i veke 11 vil vi freiste å halde oppfølgingssamtalar som normalt, men då via Skype eller Facetime. I tillegg vil vi følgje opp lærlingane som normalt via telefon eller SMS. Superrådgjevarane tek kontakt med den einskilte for å avtale samtaler.

Q: Kva skjer med kurs og arrangement?
A: Det er per no ingen planlagde arrangement for bedrifter eller lærlingar fram til påske. Det var i utgangspunktet planlagt to instruktørkurs i siste del av april og starten av mai. Vi vil gi beskjed om nye datoer for desse så snart ting vonleg normaliserer seg. Andre arrangement som skjer i mai og juni vil vi ta stilling til etter kvart.

Q: Kva om vi får problem med å finne arbeidsoppgåver?
A: Om ein får utfordring med å gi lærlingane relevante arbeidsoppgåver, kan tida vere inne for å gi dei minifagprøver som dei kan jobbe med inntil vidare. Gi oss ein lyd så skal vi lage til minifagprøver om dette er ønskeleg.

Har de andre spørsmål?
Vi er på jobb og det er berre å ta kontakt med oss om de har spørsmål eller treng hjelp til noko. Vi er sjølvsagt tilgjengelege uansett tid på døgeret!

Beste helsing gjengen i Nordfjord opplæringskontor