Stad Kommune

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Stad kommune ønskjer å vere ei god lærebedrift som tek godt vare på deg gjennom heile læretida. Vi er medlem i Nordfjord opplæringskontor og har mange flinke instruktørar i heile kommunen.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Stad kommune har lyst ut ledige læreplassar gjennom Nordfjord opplæringskontor. Våre ledige læreplassar finn du på www.superlarling.no. Lik gjerne facebooksidene til Stad kommune. Då får du mykje informasjon om kva som skjer i kommunen.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling i Stad kommune vil du få sjå, lære og oppleve kor viktig kommunen er for at du, vennane dine og familien din skal få leve gode liv i eit trygt lokalsamfunn. Som lærling i barnehage og skule vil du vere ein viktig del av borna sine liv og kvardagar, som lærling innan tekniske fag vil du lære
om vedlikehald av veg vatn og bygg. Som lærling innan helsefag vil du vere med å forme kvardagen til mange menneske som treng ekstra omsorg og hjelp i kvardagen. Vi ønskjer at du skal trivast, kjenne deg trygg og lære eit fag som kan gje deg ein god og fast jobb når du er ferdig med fagbrevet.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Stad kommune har fleire ulike lærestader i heile kommunen. Kvar du vil ha lærestaden din er avhengig av om du er lærling innan helsefagarbeidarfaget,
barne- og ungdomsarbeidarfaget eller andre fag. Vi forsøker å gje deg ei variert læretid i barnehagar, på skular, i helse og omsorg eller i tekniske einingar.

Kven vert kolleganene på jobben?

Som lærling vil du bli kollega med mange flotte og engasjerte arbeidstakarar i Stad kommune som kvar dag gjer sitt beste for å yte gode tenester til innbyggjarane.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfristen er 1. mars, og vanleg oppstart er i august månad.