OM OSS
Nordfjord Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som skal dekkje kommunane Stryn, Volda (Hornindal), Gloppen, Stad og Kinn (Nord-delen). Saman med våre medlemsbedrifter skal vi skape læreplassar, auke rekrutteringa til våre medlemsbedrifter og gje dei som ynskjer å skape sin yrkesveg i Nordfjord mogelegheita til akkurat det. Vårt hovudmål er å gje lærlingane ei best mogeleg læretid frå skule til fagbrevet ligg stolt i handa.
Vi skal vere ein aktiv samarbeidspartnar for ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen, og gje medlemmane våre tilgang på kvalifisert arbeidskraft. I Nordfjord Opplæringskontor tek vi ansvar for administrasjon, oppfølging, kvalitetsikring og rekruttering slik våre medlemsbedrifter kan konsentrere seg om sjølve lærlingen. Greitt ikkje sant?