HELS PÅ NOKRE AV VÅRE SUPER-LÆRLINGAR

Vi er så stolte av superlærlingane våre. Fantastiske ungdommar som har valgt å ta si utdanning i Nordfjord, og som er på god veg ut i arbeidslivet. Vår aller viktigaste jobb saman med våre superbedrifter er å sikre at desse får ei best mogeleg reise frå skulebenken til fagbrevet ligg stolt i handa. Fantastiske ungdommar som kjem inn i bedriftene med nye auge og ny kompetanse.

Desse er framtida – og skal etterkvart gå fra Superlærling til superarbeidar både innan privat næringsliv og offentleg sektor. Til ei kvar tid har vi kring 200 superlærlingar under utdanning. Innan over 20 ulike lærefag og med læreplass i ein av våre 70 medlemsbedrifter. Heilt frå Stadlandet i vest til Skjåk i aust. Under kan du helse på nokre av våre superlærlingar.