Slik er det å vere superlærling!

Super oppfølging

Som superlærling skal du få super oppfølging igjennom heile læretida.

Dette gjere vi ved å ha faste samtalar med deg. Minimum kvar tredje månad har vi oppfølgingssamtalar med deg og instruktøren i bedrifta du skal jobbe i.

Som lærling får du ein læreplan som beskriv kva du skal lære i læretida. Det er denne som danner grunnlag for arbeidsoppgåvene du får i bedrifta.

I tillegg til desse faste oppfølgingssamtalene  føl vi deg opp både på telefon, video eller ved at vi kjem på besøk til deg i bedrifta di

Oppstartssamling: Kompani Nordfjord

Kvar haust samlar vi alle 1.-årslærlingar til oppstartssamling. Over ser du filmen frå samlinga vi hadde i september 2021: Kompani Nordfjord!

Samlinga går over to sosiale og innhaldsrike dagar med varierte aktivitetar, fagleg innhald og overnatting på Firda Kaserne.

Eit supert team i ryggen!

Gjengen i Nordfjord opplæringskontor føl deg tett gjennom heile læretida. Vårt hovudfokus er tett oppfølging, god veiledning og høg trivsel både på jobb og på fritida.

Eigen superfritidsjef

Hilde-Kristin er verdas fyrste superfritidssjef. Ho har ansvaret for at lærlingane våre har det best mogeleg på fritida si, og organiserer og planlegg mange kjekke aktivitetar for lærlingane. Vi kallar samlingane «Supersamling» – og desse arrangerer vi kvar veke rundt omkring i Nordfjord. Hittil har vi hatt spelekveld, kino, bowling, klatring, boblefotball med meir. Du som superlærling er velkommen til å komme med innspel til kva samlingane skal innehalde og kvar vi skal arrangere dei.

Kjekke aktivitetar

Gjennom læretida blir du invitert med på mange kjekke aktivitetar som surfing, rafting, aking, klatring m.m. der du blir kjent med dei andre superlærlingane våre.

Praksis i utlandet

Eit nytt og spennande tilskudd til læretida er Erasmus+. Som superlærling kan du i løpet av læretida søke om å gjennomføre eit 3 vekers praksisopphald i utlandet. Ved å jobbe med faget ditt i ei relevant bedrift får du mogelegheit til å gjere deg erfaringar på korleis yrket du utdannar deg innan blir praktisert i eit anna land. Du får reise saman med andre lærlingar som tar samme utdanning. Vi ordnar organisering av både praksis, reise og opphald.

LÆRETID MED SMAK AV NORDFJORD

Som superlærling hos oss kan du også fordjupe deg i ei av interessene dine i tillegg til vere lærling. Nordfjord har enormt mange moglegheiter når det gjeld fritidsaktivitear:

  • frå surfing på Stadt til toppturar i Indre Nordfjord
  • frå jakt på Nordfjordeid til fiske i Selje
  • fra e-sport til ballsport

Aktivitetane vil bli gjennomført i helgane saman med dyktige instruktørar og andre lærlingar med same interesse.