NORDFJORD OPPLÆRINGSKONTOR ER KLARE FOR NY RUNDE I ERASMUS+PROSJEKTET VÅRT!

Fornøgde lærlingar i ulike fag har allereie komne heim frå både Kroatia, Tyskland, Finland og Danmark????

Dersom du som superlærling har lyst på eit utanlandsopphald i tre veker og jobbe innan ditt fag, sjå her!

Denne gongen har vi totalt 8 læreplassar som er fordelt slik:

  • Kroatia: for 2 helsefaglærlingar og 2 BUA-lærlingar.

I vakre Split får du som helsefaglærling jobbe i ein privat omsorgsinstitusjon driven av ein familie. Der er ca. 20 bebuarar og den ligg fint til ved sjøen. Som BUA-lærling får du jobbe i ein barnehage der borna lærer engelsk og du blir godt ivaretatt av Anna som er styrar.

Bustaden er eit lite gjestehus midt i sentrum med felles bad og kjøken, terrasse og 2-mannsrom.

  • Tyskland: for totalt 4 lærlingar innan industri og automasjon.

I koselege Münster, Tysklands sykkelhovudstad, får du jobbe i ei produksjonsbedrift  innan ulike deler av faget ditt.

Bustaden er i eit større gjestehus med 1-mannsrom og eige bad.

Tidspunkt for opphaldet: 22. april til 10. mai 2024

Lengd: 21 dagar.

Målet er auka kunnskap og forståing innan ditt fag, auke forståing for ulike kulturar  og internasjonalt arbeidsliv, samt auke motivasjon i læretida og sjå moglegheiter i faget ditt.

Reise og opphald vert dekt gjennom midlar frå Erasmus+. Ein følgjeperson vert med i starten av opphaldet.

Send oss ein søknad der du skriv litt om det sjølv, kvifor du har lyst å reise, kvifor vi skal velje ut nettopp deg til det, arbeidsoppgåver du jobbar med som lærling og evt. jobberfaring. Kriteria vi ser etter er:

  • Motivasjon
  • Interesse
  • Fagleg utvikling
  • Personleg utvikling
  • Engasjement
  • Gode nok engelskkunnskapar

Opphaldet må gjennomførast før evt. fagprøve, sjå tidspunkt for opphaldet.

Send søknad til hilde-kristin@noropp.no. Frist: 10.12.23

Vi ser fram til å tilby eit spennande og utviklande opphald, og gleder oss til å motta søknad frå deg ????