Tips til deg som ynskjer fagbrev

Korleis ta fagbrevet

4 metodar for å ta fagbrev

Det å ta fagbrev er viktig for å dokumentere kompetansen din, og vil ha betydning både for løn og jobbsikkerhet. Nedanfor viser vi deg korleis du kan ta fagbrev.

METODE 1: LÆREKONTRAKT

Har du tidlegare tatt fellesfag anten frå eit vidaregåande yrkesfagleg program eller studiespesialiserande kan du inngå lærekontrakt med oss og arbeidsgivaren din. Du bør ha minimum 50% stilling. Før fagprøve må du ta tverrfagleg eksamen i lærefaget du ynskjer (5 timers skrifteleg eksamen). Har du tidlegare tatt riktig yrkesfagleg utdanning på skulen, slepp du å ta teori-eksamen, og dette vil òg gi deg kortare læretid.

METODE 2: FAGBREV PÅ JOBB

Har du ei fast stilling, men ikkje fullført vidaregåande skule kan du likevel ta fagbrev igjennom ordninga Fagbrev på jobb. Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne arbeidstakarar for å kunne ta fagbrev.
I denne ordninga får du oppfølging frå oss og lærebedrifta. Du må ha minimum 80% stilling og minimum 2 års erfaring før du kan søkje deg inn i ordninga. Ein eventuell søknad må avklarast med oss og arbeidsgivaren din. Før fagprøve må ein fullføre ein teoretisk eksamen (5 timars skrifteleg eksamen).

METODE 3: GLOPPEN-MODELLEN

Er du over 25 år og ynskjer å ta fellesfag og/eller programfag, så kan du søkje om å få gå vidaregåande skule ”Gloppen-modellen”. Utdanninga blir tilbydd innan ulike utdanningsprogram. Utdanningsløpet tek inntil 4 år. Sjå meir info her.

METODE 4: PRAKSISKANDIDAT

Har du meir enn 5 års allsidig praksis frå faget ditt (Tilsvarande 5 år i 100%) kan du søkje om å få gå opp til fagprøve. Før du kan gå opp til fagprøve må du gjennomføre tverrfagleg eksamen i lærefaget du ynskjer å ta fagbrev (5 timers skrifteleg eksamen). Om arbeidsplassen din legg til rette for, det kan Nordfjord opplæringskontor følge deg opp i slutten av praksistida di før fagprøva.

OPPFØLGING PÅ VEG MOT FAGBREVET

Som lærling eller fagbrev på jobb kandidat vil du få oppfølging både frå arbeidsgivaren din og Nordfjord opplæringskontor. Her vil du få hjelp og støtte til teorieksamen, og saman sikrar vi at du har fått all den opplæringa du treng før fagprøva. Bedrifta di kan også avtale med oss om at vi følgjer deg opp som praksiskandidat.

YNSKJER DU Å FINNE UT MEIR OM MOGEGHEITENE DINE FOR FAGBREV?

Då er det berre å ta kontakt med oss på hei@noropp.no eller ringe 900 50 092.