HELS PÅ VÅRE SUPER-BEDRIFTER

Vi er så stolte av superbedriftene våre at vi nesten sprekk. Fantastiske lokale bedrifter. Heilt frå enkeltmannsføretak til bedrifter i internasjonal klasse.

Våre 4 fantastiske Nordfjordkommunar, produsentane av dei mest bærekraftige katamaranane i verda, reiselivgigantane i regionen, produsenten av verdskjente møblar, superdyktige bygg og anleggsentrepenørar, produsentar av dei mest spektakulære stålkonstruksjonane, vindaugsprodusentar i verdsklasse, kjente klesprodusentar, ein av dei fremste på rørkonstruksjonar i Europa, leverandøren av dei mest eksklusive tekstila, produsenten av gassautomatar, og teknologileverandørar i særklasse ….

Vi kunne halde fram i timesvis. Vi skryt ikkje, det er berre enkle fakta. Best av alt dette er lærebedrifter kor heldige ungdommar kan få ta si utdanning. Er dei heldige? Det er berre forbokstaven.