Dette er oss!

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakadmiet

Bak frå venstre: Kristin Monica Tjugen, Anders Lødemel, Petter Arnt Løvdahl, Kjetil Svarstad, Leiv Johnny Endal, Tom-Øyvind Solheim. Framme frå venstre: Hege Bjørlo Sandbakk, Tonje Bjerkan, Helene Maurset. Ikkje til stades: Hilde-Kristin Grimstad Nord.

Nordfjord opplæringskontor

blei etablert i 2016 etter initiativ frå fleire næringslivsaktørar for å sikre betre oppfølging, fleire læreplassar og betre samhandling mellom skular og næringsliv i regionen. Nordfjord opplæringskontor dekkjer heile Nordfjord og representerer over 70 lærebedrifter innan privat og offentleg næringsliv, inkludert alle kommunane. Vi følgjer opp over 200 lærlingar og vaksne som tek fagutdanning i regionen vår. Individet står i fokus for oss, og vår jobb er å sørgje for at læretida til den enkelte blir best mogleg frå ein er elev, til ein stolt held fagbrevet
i handa.

Nordfjordakademiet

blei etablert i 2020 og er ein spire med utspring i Nordfjord opplæringskontor. Nordfjordakademiet jobbar aktivt for å auke kunnskapen om yrkesval heilt frå barneskule til vidaregåande skule. Målet er å gi elevane kompetanse på kva valmoglegheiter dei har i livet sitt – med utgangspunkt i lokalt næringsliv. Gjennom dette arbeidet ønskjer vi å medverke til at ungdom som reiser ut for å ta utdanning, kjem tilbake til regionen vår.

Nordfjordakademiet støttar både næringslivet og det offentlege i Nordfjord ved å vere eit bindeledd mellom medlemmer og nordfjordingar som er i utdanningsløp i og utanfor regionen, eller som er yrkesaktive og er flytta frå regionen. Vi skal gjere dei kjende med kva moglegheiter som finst i Nordfjord! På denne måten vil Nordfjordakademiet auke kunnskapen om Nordfjord som arbeidsplass, slik at flest mogleg vil søkje å bu, arbeide og trivast i Nordfjord. Nordfjordakademiet representerer i dag over 30 medlemsbedrifter i ulike bransjar og alle kommunane i Nordfjord, og vi følgjer aktivt opp alle som tek kontakt og ønskjer seg ein jobb eller vil flytte til regionen.

Tekst:

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakademiet

Bilde:

Nordfjord Opplæringskontor og Nordfjordakademiet