Blodtrykk

Blodtrykk er det trykket som oppstår når blodet blir pressa mot arterieveggen. Arterieveggen er elastisk og hjelper til med å pumpe blod rundt i heile kroppen.

Trykket er størst når hjertet trekker seg sammen og blod blir pumpa ut fra hjertet. Det trykket som oppstår når dette skjer, kallar vi det systoliske trykket (overtrykket). Trykket mot arterieveggen er lavt når hjertet kviler mellom hjerteslaga. Dette trykket kallar vi det diastoliske trykket (undertrykk).

Trykket er høgast nært hjertet, og avtar ettersom blodet blir fordelt utover i dei små årene lengst vekke fra hjertet.

Blodtrykk blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg)

Normalt blodtrykk:

   Systolisk trykk (mmHg)   Diastolisk trykk (mmHg) 
 Optimalt <120 og <80
 Normalt 120-129 og/eller 80-84

Lavt blodtrykk

Blir også kalla hypotensjon. Ved for lavt blodtrykk, klarer ikkje hjertet å pumpe nok blod ut i kroppen

Lavt blodtrykk er et symptom – eit teikn på at du for eksempel har fått i deg for lite drikke, på sjukdom eller skade, blødning eller sjokk.

Høgt blodtrykk

Blodtrykket stig med alderen, men det varierar også etter kjønn og alder. Når blodtrykket er høgt, aukar faren for å utvikle skader og sjukdomar i hjerte og kar. Høgt blodtrykk blir også kalla hypertensjon.

For at ein skal kunne stille diagnosen høgt blodtrykk, må trykket være varig for høgt. Ein må difor gjere fleire målingar over tid, og nokon gongar registrere blodtrykk gjennom døgnkontinuerlig målingar.

Ein som har høgt blodtrykk, er ikkje alltid klar over det sjølv – det er difor viktig å måle blodtrykk på dei som kan vere i faresonen.

Dersom blodvolumet blir redusert, kan dette gi lavt blodtrykk. Årsaker til redusert blodvolum kan vare:

  • Blødninger
  • Væskeunderskudd  – feks ved dehydrering, diaré, brannskade

Blodtrykket fell også dersom ein endrar stilling frå liggande til ståande, eller sittande til ståande. Dette kjem av at venene i beina er utspilte når vi kviler. Når vi reiser oss opp, vil nervesystemet sende signal om at årene skal trekke seg sammen for å unngå at blodtrykket faller. Denne mekanismen blir raskt ganske sløv dersom ein blir sengeliggende i lang tid, eller er svært passiv. Ein kan då oppleve blodtrykksfall og svimmelhet når ein setter seg opp eller reiser seg. Dette kallar vi ortostatisk blodtrykksfall.  Mange eldre slit med dette, og det er difor viktig at ein ikkje reiser seg for fort opp, men at ein tar dette gradvis.

Ein som har lavt blodtrykk, eller som opplever at blodtrykk fell, kan:

  • Bli bleik
  • Bli svimmel
  • Ha rask puls
  • Besvime når han reiser seg frå liggande til eller sittande stilling.

Observer, rapporter og dokumenter om pasienten har symptom på lavt blodtrykk og effekten av evt tiltak.

Vær merksam på faren for blodtrykksfall ved stillingsendring – spesielt frå liggande til ståande hos pasientar som er utsette for blodtrykksfall.

  • Reise seg opp sakte – sitt gjerne ei stund før ein reiser seg opp.
  • Støtt pasienten når han reiser seg. Sikre at pasienten kan sette seg ned dersom behov.
  • Gi pasienten drikke

Vanlegvis er det ikkje alltid at det er nokon spesiell årsak til det høge blodtrykket, men arv kan bety noko. Andre årsaker er:

  • Overvekt
  • Røyking
  • Lite fysisk aktivitet
  • Mykje salt i maten
  • Alkohol
  • Stress
  • Sjukdom (feks i nyrer eller i kjertlar som produserer hormon)

Høgt blodtrykk gir vanlegvis ikkje symptom. Er blodtrykket svært høgt, kan dette gi symptom som:

  • Hodepine
  • Svimmelhet
  • Synsforstyrringar
  • Kvalme og oppkast
  • Ødem (væskeansamlingar) i beina.

Observer, rapporter og dokumenter symptom på høgt blodtrykk.

Førebyggande tiltak:

  • Sunn livsstil
    • Lite salt i kosten (salt bind væske i kroppen -> auka blodtrykk og belastning på hjertet)
    • Lite metta feitt ( høgt inntak av metta feitt kan føre til høgt kolesterol -> avleiringar i arterieveggen -> trangare årer -> høgt blodtrykk)
    • Unngå røyking
    • Lite alkohol

For ein som får diagnose høgt blodtrykk, kan lege forordne blodtrykkssenkende medikament. Blodtrykksenkande medikament har ulik virkemåte. Nokon får blodårer til å utvide seg og på den måten reduserer blodtrykket. Andre virkar vanndrivande og gjer at blodvolumet blir mindre – noko som igjen reduserer blodtrykket.

Før du startar:

  • Gjer deg kjent med kva som er normalt blodtrykk for pasienten.
  • Pasienten bør vere i ro i 10-15 min før du måler.
  • Mål på same arm som tidlegare målingar er blitt gjort.

Utstyr:

  • Blodtrykksapparat (vanleg apparat og stetoskop, eller digitalt blodtrykksapparat).

NB! Pass på at mansjetten har passeleg størrelse. Det er ulik størrelse avhengig av om det er barn eller vaksen – og størrelse på overarm.

Gjennomføring:

Manuell måling:

  • Pasienten skal sitte eller ligge. Arm skal ha lett bøy i albuen og kvile mot underlaget.
  • Pasienten skal ikkje ha klær som strammar rundt overarmen, då dette kan påverke resultatet
  • Pasienten skal ikkje ha kryssa føtter/bein – føtene skal kvile på golvet dersom han/ho sit. Dette for at blodsirkulasjonen skal vare minst mogleg hemma.
  • Mansjetten skal vare tom for luft når du festar den rundt armen. (Skru igjen ventilen om du skal måle manuelt)
  • Fest mansjetten rundt overarmen. Den skal sitte godt utan at den er for stram. Nedre kant skal vare eit par cm over albueleddet. La slangen på mansjetten ligge inn mot albueleddet.
  • Om du måler manuelt: Finn pulsen i albueleddet og plasser stetoskopet der.
  • Pump opp mansjetten til 10-20 mmHg over forventa overtrykk (systolisk trykk), eller til du ikkje kan høyre pulsslaga lenger.
  • Sit i augehøgde med skalaen og sjå direkte mot den. Skru opp ventilen og slepp lufta sakte ut medan du lyttar i stetoskopet. Les av på skalaen når du høyrer pulsen – dette er overtrykket (systolisk trykk).
  • Fortset å slepp ut luft, og les av når du ikkje høyrer pulsslaga lenger – dette er undertrykket (diastolisk trykk)
  • Slepp ut resten av lufta og fjern mansjetten

Tørk av øreproppene på stetoskopet med desinfeksjonssprit og rydd på plass utstyret.

Dokumenter resultatet i pasientjournal (rund av til næraste 5mmHg)

Digital måling:

  • Fest mansjetten rundt overarm som ved manuell måling,
  • Trykk på startknappen. Målingane skjer automatisk
  • Les av blodtrykk og puls i displayet

Dokumenter resultatet i pasientjournal (rund av til næraste 5mmHg)