Endringar i hudfarge og hudtemperatur

Både farge og temperatur på hudoverflata  har samanheng med kor mykje blod som kjem til hudområdet og kor mykje oksygen det er i dette blodet.

Når det er ekstra mykje blod som kjem til området, blir huda raud og varm. Motsett er det når det kjem lite blod – då blir huda bleik, kald og kanskje til og med blå.

Blåfargen kjem av oksygenmangel i området.

Redusert blodtilførsel

Auka blodtilførsel

  • Kulde og nedkjøling. Kroppen prøver å halde ein stabil indre temperatur. For å unngå varmetap når det er kaldt i omgivnadane, så trekker årene seg sammen slik at mindre blod kjem til huda. Huda blir då bleik og kald. Dersom det tar lang tid før blodsirkulasjonen kjem tilbake (som feks når ein er ute om vinteren utan hansker), så vil huda etterkvart få ein blåfarge. For lang tid med kulde og nedkjøling (spesielt i ekstremiteter som hender og føtter) kan føre til vevsdød – koldbrann.
  • Blodtrykksfall (sjå sirkulasjonssvikt)
  • Sjukdom og skade i hjerte og blodårer 
    • Aterosklerose – Årene blir trangare som følgje av dette. Blodsirkulasjonen til dei små årene ytterst i huda blir redusert
    • Blodpropp – Ein propp stenger blodtilførselen heilt til eit område
    • Hjertesvikt – Hjertet klarer ikkje pumpe godt nok, noko som medfører at det ikkje er nok blodtrykk til at blod kjem godt nok ut i dei små blodårene.

NB! Dårleg lungefunksjon fører ikkje til redusert blodtilstrøyming, men grunna mindre oksygen i blodet, så vil huden bli bleik (lett blålig)

Mål

Pasient/brukar har god blodsirkulasjon og normal kroppstemperatur

Observasjon:

Observer og dokumenter om endringar i farge og temperatur, og om effekten av evt tiltak som blir iverksett.

Tiltak

Dårleg blodsirkulasjon og redusert blodtilførsel er viktig å førebyggje og kompensere for. Førebygging av sjukdomar som aterosklerose og hjertesvikt er med på å hindre redusert blodsirkulasjon seinare i livet.

Dersom ein pasient/brukar har nedsett blodsirkulasjon i heile eller delar av kroppen, kan tiltak vere:

  • Bevegelse eller aktivitet
  • Sørg for varme – dyner, klær, varmeflasker og anna. Varmt vatn (40-42 grader celsius) kan og benyttes. NB! Mange med redusert blodtilførsel har også nedsett kjenslesans. Pass på at temperatur på varmeflasker og andre varmekjelder ikkje er for høg – det kan gi brannskader.
  • Kroppsdel som har redusert blodtilførsel, bør vare lavare enn hjertet. Det lettar hjertet sitt arbeid med å pumpe blod til området.
  • Unngå trykk frå stolkant, fotskammel eller andre mekaniske hindringar som stenger av blodtilførsel. Stramme sokkar kan, hos ein med dårleg blodsirkulasjon, hindre blodtilførsel til føtene.
  • Ved fysisk aktivitet vil blodgjennomstrømming til huda auke – kroppen produserar varme under aktivitet. For å regulere kroppstemperaturen, utvidar dei små blodårene i huda seg for å kunne avgi varme til omgivnadane.
  • Lokale betennelsestilstandar fører til at blodgjennomstrøyminga til området aukar. Dette kjem av at blodet transporterar kvite blodceller til området for at desse skal bekjempe framande mikroorganismer. Det er difor betente områder gjerne har hevelse, er raude og varme.
  • Feber gir auka varmetap. Blodårene under huda utvidar seg for å avgi varme til omgivnadane – dette fører til at ein som har feber kjennes varm ut.
  • Når ein blir oppkava eller opphissa vil blodsirkulasjonen til huda auke.
  • Auka blodtilførsel kan også skuldast høgt blodtrykk.

Mål:

Pasient/brukar har god blodsirkulasjon og normal kroppstemperatur

Observasjon:

Observer og dokumenter endringar i farge og temperatur, og om effekten av evt tiltak som blir sett i verk.

Tiltak

Vanlegvis ikkje grunn til å sette iverk tiltak for å redusere auka blodtilførsel. Dersom det er ein betennelsestilstand, kan kalde omslag lindre ubehag.

Ved feber er temperaturauken eit viktig ledd i infeksjonshåndteringa til kroppen. Dette fordi temperaturauken hjelper immunforsvaret vårt å bekjempe framande mikroorganismer, medan desse igjen blir hemma av temperaturauken. Dersom feber blir sterkt forhøga er det nødvendig å gripe inn.