Puls

Puls er det vi kjenner når blodet strøymer støtvis gjennom årene. Når hjertet trekker seg sammen, blir blod sendt ut i arteriene. Når vi måler puls, gjer vi dette på ei arterie.

Pulsen fortel oss noko om hjertet og korleis det arbeider. Det er difor vanleg å kontrollere puls og blodtrykk på alle som blir innlagt på sjukehus eller i eit bu- og behandlingssenter – og ellers med jevne mellomrom avhengig av alder og helsetilstand.

Puls bør sjekkast dersom ein pasient kjenner seg uvel, får eit illebefinnande eller brått endrar hudfarge.

Når du måler puls, skal du observere:

  • Frekvens (hastighet)
  • Kraft eller styrke
  • Rytme (regelmessig eller uregelmessig)

Normal kvilepuls for den enkelte aldersgruppa er:

Alder Slag per minutt
Spedbarn 120-160
2-årsalderen 120
4-årsalderen 100
Vaksne 60-80

Kvilepuls måler ein når pasient har vore i ro i minst 5-10 minutt i rolege omgivnader.

Pulsen er ofte litt raskare hos kvinner enn hos menn. Godt trente kan ha lavare puls, då hjertet er vant til og klarer pumpe større mengder blod kvar gong det slår.

Hos eldre er det motsett – pulsen vil auke noko, då hjertet pumpar ein mindre mengde blod for kvart hjerteslag.

Frekvens

Dersom hastighet på puls ligg under 60 slag pr/min hos vaksne, blir det kalla bradykardi, medan kvilepuls over 100-110 slag pr/min blir kalla tachykardi.

Puls stig ved:

  • Fysisk aktivitet
  • Stort matinntak
  • Feber
  • Smerter
  • Stress og andre psykiske påkjenningar
  • Inntak av kaffe, tobakk, alkohol, narkotika
  • Ved enkelte sjukdomar i sirkulasjonssystemet og respirasjonssystemet, anemi og høgt stoffskifte
  • Blødningar eller stort væsketap

Puls synk ved:

  • Nedkjøling
  • Søvn
  • Enkelte sjukdomar i hjerte og ved lavt stoffskifte
  • Auka trykk i hjernen (intrakranielt trykk)

Kraft eller styrke

Å observere pulsen sin kraft eller styrke er viktig. Ved høgt blodtrykk vil hjertet pumpe ut meir blod ved kvart slag – det gir kraftigare puls (fyldig puls).

Dersom hjertet pumpar ut mindre blod ved kvart hjerteslag, blir pulsen svakare (bløt)

Pulsrytme

Nokon gongar kan pulsen bli uregelmessig. Det kan skje hos alle, spesielt i periodar med stress og lite søvn. Dersom det ikkje går over, kan det vere teikn på sjukdom. Vanlegaste årsaken til at puls blir uregelmessig, er ekstrasystoler (ekstraslag). Dette kan kjennast ut som at hjertet hoppar over eit slag.

Dersom pulsen endrar seg plutseleg utan kjent årsak, skal du rapportere til leiar eller til lege. Er pasienten engsteleg eller uroleg, skal du vere der med han og prøve berolige. Pasienten bør sitte (ikkje ligge, då belastning på hjertet blir større)i ein god stol med ryggstøtte, slik at han får kvile. Sørg for ro.

Vi tel puls for å observere om hjertet slår med normal frekvens, rytme og styrke. Puls fortel om korleis kroppen reagerer og er til hjelp for å stille diagnoser.

Sørg for at pasienten har fått kvile (ligge eller sitte) i 5-10 min før måling av puls.

Pulsen tel du der du finn ein arterie (pulsåre) like under huda. Lettaste plassen er:

  • På tommelfingersida av håndleddet (innsida)
  • På halsen ved strupehodet.

Utstyr:

Klokke med sekundvisar.

Gjennomføring

Pulsen kan målast i 30 sek eller 1 min. Måler du i 30 sekund, gongar du antallet med 2. Mål 1 min om pulsen er uregelmessig.

  • Be pasient sitte eller ligge i behagelig stilling medan armar og bein kviler mot underlaget.
  • Finn puls og legg to fingrer lett mot den. Ikkje bruk tommel, då eigen puls kan forstyrre.
  • Kjenn fyrst på rytme og kraft
  • Tel puls i 1 min (30 sek x 2)
  • Dokumenter i journal. Marker med r om regelmessig, ur om uregelmessig. Rapporter til leder umiddelbart om det er avvik i frekvens, kraft eller rytme