Under har vi samla ein del spørsmål som lærlingar ofte har når dei skal starte. Skulle du ikkje finne svar på det du lurer på under, er det sjølvsagt berre å ta kontakt med oss på e-post, telefon, SMS eller Facebook:) Du finn kontaktinfoen vår her.

Når lærekontrakta di er signert av alle partar og er godkjent går det automatisk melding til Lånekassen. Du vil få brev i www.altinn.no når kontrakta di er godkjent. Før lærekontrakta di er godkjent er det ikkje mogeleg å søkje stipend.

Lærling med ungdomsrett

Er du lærling med ungdomsrett kan du søkje på to ulike stipend men under gitte kriterier.

Bortebuarstipend

Bur du meir enn 40km frå foreldra dine kan du søkje om bortebuarstipend. Les meir her.

Inntektsavhengig stipend

Om ein får dette stipendet er avhengig av foreldra dine si inntekt samt di eiga lærlinglønn. Stipendet skal sikre at ein har moglegheit til å gjennomføre vidaregåande opplæring uavhengig av foreldra sin økonomi. Det er ulike satsar for inntektsavhengig stipend. Finn ut meir og søk her

Lærling utan ungdomsrett

Lærlingar utan ungdomsrett kan også søkje stipend men då etter reglane for høgare utdanning. For å finne ut meir sjå her.

Ja, lærlingar med ungdomsrett kan søkje om å få meir stipend og eventuelt lån når ein har barn. Les meir her.

Søknadsfrist for å søkje stipend for opplæringsåret 2023/2024 er 30. juni 2024 eller innan lærekontrakta er avslutta hvis det er før 30. juni 2024.

Lærekontrakta di vil komme til signering i perioden juli – august. Lærekontrakta di blir sendt ut til signering elektronisk og du vil få SMS og e-post når den er klar for signering. Husk å signere kontrakta med ein gong du får melding om signering. Skulle det vere noko i kontrakta som du meinar er feil ta kontakt med oss.

Når du blir lærling er det to avtaler som ein må gå inngå.

1. Arbeidsavtale

Arbeidsavtala er ei bindande avtale som er mellom deg som lærling og bedrifta. Denne regulerar viktige forhold kring arbeidsforholdet ditt som lønn, forsikring, arbeidstid, rettar og plikter m.m. Denne arbeidsavtalen følgjer læretida og blir avslutta automatisk når lærekontrakta er fullført eller dersom lærekontrakta av ulike årsaker blir avslutta.

2. Lærekontrakt

Alle lærlingar skal ha lærekontrakt. Dette er ei kontrakt som vi saman med fylkeskommunen ordnar når arbeidsavtale er inngått og signert. Som lærling igjennom Nordfjord opplæringskontor blir denne kontrakta inngått mellom oss og deg som lærling. Lærekontrakta di vil komme ut for signering i perioden juli – august. Hugs at du ikkje kan søkje stipend før lærekontrakta di er godkjent.

Di fyrste oppfølgingssamtale med oss blir i august eller september alt etter kva tid du startar som lærling. Skulle du ha spørsmål til oss eller det skulle vere ting du lurer på i mellomtida er det berre å ta kontakt med oss. Sjå her for kontaktinfo.

Oppstartssamlinga «Kompani Nordfjord» er obligatorisk for alle nye superlærlingar og vert arrangert i september på Nordfjordeid. Du får meir info når samlinga nærmar seg 🙂

Fagbrev.io er vårt geniale opplæringssystem som du som lærling skal nytte i læretida di. Du vil få god opplæring i dette verktøyet utover hausten. Prøv deg gjerne fram, og logg inn om du ynskjer.