I dette temaet lærer du om:

– Kva personvern betyr og omfattar
– Kva teieplikt betyr for deg som helsepersonell
– Hovudreglane for teieplikt og personvern
– Kva opplysningar som er taushetsbelagt
– Unntak for teieplikta
– Konsekvensar dersom ein bryt teieplikta

Teieplikt og personvern

Vi har alle rett til å bestemme kva andre skal vite om oss.

Pasientar, brukarar og pårørande har rett til personvern – rett til å ta vare på opplysningar om seg sjølv. Alle som er i kontakt med helse- og omsorgstjenestene forventar at du og anna helsepersonell ikkje sprer opplysningar om han/ho til uvedkomande. Du har teieplikt om alle opplysningar som du får om pasientar og brukarar – dette gjeld også informasjon du får fra pårørande.

Både retten til personvern og teieplikta har sitt grunnlag i lovverket.

Brukarar av helse- og omsorgstenestene har rett til personvern og helsepersonell har plikt til å ivareta personvernet.

Bryt du teieplikta med vilje eller fordi du er uforsiktig, kan dette bli straffa med bøter eller fengsel. Du kan også miste autorisasjonen og jobben din.

Er ein grunnleggende rettighet for alle i samfunnet. Vi har rett på eit privatliv og til sjølv å kunne bestemme over opplysningar om oss sjølv. Personvernet byggjer på at menneskeverdet er ukrenkelig. – Vi skal kunne ha rett til å ha eit privat «område» rundt oss, der vi kan handle fritt og uavhengig av andre utan at andre (myndigheter, stat eller enkeltmenneske) kan blande seg inn.

Personvernet beskyttar integriteten til den enkelte ved at ein sjølv skal kunne bestemme kva opplysningar om oss som vi vil dele og kva dei skal brukast til.

Personvernet omfattar:

  • omsynet til den enkelte sin identitet og ukrenkelegheit
  • vern av personopplysningar.

Personvernet er ein del av menneskerettighetskonvensjonen (artikkel 8) og §108 i Grunnloven. Personvernet blir meir og meir viktig då kvardagen blir stadig meir digitalisert (mobilar, internett)

Teieplikta er ein bestemmelse som er lovfesta og sikrar personvernet til den enkelte.

Teieplikt

I arbeidet som helsepersonell får du vite mykje om pasientar, brukarar og pårørande. Dette er opplysningar som du treng for å kunne sikre at den du hjelper får rett behandling, omsorg og pleie.

Sidan du får tilgang til sensitive opplysningar om andre, er det viktig å sikre at desse opplysningane ikkje kjem på avveie og kan bli misbrukt og spredd vidare.

Teieplikta skal verne om personvernet til pasientar, brukarar og pårørande. Dersom nokon fryktar at opplysningar om dei skal kome vidare til andre, kan dette medføre at dei ikkje søker hjelp når dei treng det – eller unnlet å fortelje om ting som kan ha betydning for rett pleie, hjelp eller behandling.

Teieplikta bidrar også til å skape tillit mellom helsepersonell og pasient/brukar/pårørande.

Opplysningar som inngår i teieplikta: 

Helseopplysninger og opplysning om andre personlege forhold – uavhengig av om det er av betydning for det personen er lagt inn for og om du har fått tilgang til opplysningane fra ein anna stad.

i §21 i Helsepersonellova står det at teieplikta handlar om «folks legems- eller sykdomsforhold eller andre personlege forhold» Dette omfattar:

  • Den enkeltes kropp og helsetilstand, sjukdom og behandling
  • Behov for pleie og omsorg
  • Økonomiske forhold
  • Livssyn og religion
  • Seksuell legning
  • Famile- og slektsforhold
  • Andre personlege forhold, feks statsborgerskap, yrke, sivilstand, bustad, personnummer og arbeidssted.

…kort sagt ALT du får av opplysningar om ein pasient eller brukar.

I helsepersonellova blir det og tatt opp at du skal hindre at andre får opplysningar som du får vite om i «egenskap av å vere helsepersonell» (§21). Det vil seie at dersom noko spør deg om eit helsefaglig råd, for eksempel i eit selskap, så kan du ikkje fortelje andre om det du får vite.

Helsepersonellova §21 seier også at vi skal «hindre» at andre får tilgang til opplysningar. Dvs at vi ikkje berre passivt skal tie, men at vi aktivt skal hindre at andre får tilgang til informasjonen. Dette gjer ein ved å :

  • Oppbevare informasjon på ein trygg og sikker måte – lagre og lukke elektronisk journal før du forlet PC.
  • Makulere alt du skriv ned og noterar under rapportar før du reiser fra jobb
  • Oppbevar skriftlege dokument (prøvesvar, bestilling av undersøkelser og liknande) slik at uvedkomande ikkje ser det.
  • Vær nøye med å ikkje snakke om pasientar og brukarar når uvedkomane er i nærleiken.

Teieplikt  blir omtala i mange lover, men for helsepersonell er det Helsepersonellova kapittel 5, §21 som er hovudregelen

«Helsepersonell skal hindre at andre får adgang eller kjennskap til opplysningar om folks legems- eller sykdomsforløp eller andre personlige forhold som de får vite om i egenskap av å være helsepersonell»

Med helsepersonell meinar ein i tillegg:

  • Studentar og elevar under helsefaglig utdanning og opplæring.

Pasient- og brukarrettslova § 3-6 seier også noko om teieplikt (Rett til vern om spredning av opplysningar).

«Opplysninger om legems- og sykdomsforhold samt andre personlige opplysninger skal behandles i samsvar med gjeldende bestemmelser om taushetsplikt. Opplysningene skal behandles med varsomhet og respekt for integriteten til den opplysningene gjelder. Taushetsplikten faller bort i den utstrekning den som har krav på taushet, samtykker. Dersom helsepersonell utleverer opplysninger som er undergitt lovbestemt opplysningsplikt, skal den opplysningene gjelder, så langt forholdene tilsier det, informeres om at opplysningene er gitt, og hvilke opplysninger det dreier seg om.»

Teieplikt blir og omtala i lover som feks: helseregisterloven, spesialisttenestelova, pasientjournallova, helse- og omsorgstenestelova, straffelova og forvaltningslova.

Pårørande

Teieplikta gjeld også ovanfor pårørande. Pasienten må gi samtykke til at du skal gi informasjon til pårørande av pasienten. I nokon tilfelle har pårørande rett til å få informasjon sjølv om pasienten ikkje har gitt samtykke. Dette er når pasienten ikkje er i stand til å gi samtykke som følgje av at han/ho er bevisstlaus eller ligg i koma etter ei ulykke. Nærmaste pårørande kan då gi sitt samtykke til at teieplikta blir oppheva og kan då gi og motta helseopplysninger.

Medpasientar

Nokon gongar kan helsepersonell få spørsmål fra pasientar om andre pasientar. Dette kan vere når pasientar har delt rom, eller har blitt godt kjente. Som helsepersonell har du teieplikt ovanfor andre pasientar – Du kan ikkje seie noko med mindre den det gjelder har gitt sitt samtykke til at du kan gi informasjon vidare.

I helsepersonellova står det fleire bestemmelser der det er unnatak fra teieplikta. I enkelte situasjonar har du oppplysningsplikt dersom det er fare for liv og helse. I andre situasjonar har du opplysningsrett – ein rett til å gi opplysningar vidare sjølv om dei er teiepliktbelagt.

Dersom pasienten gir samtykke, kan du gi opplysningar til andre. Det er viktig å vere bevisst at sjølv om pasienten gir samtykke til at teieplikta skal opphevast, så betyr det ikkje dermed at all informasjon i alle situasjonar kan bli gitt.

For at pasienten skal kunne gi samtykke, er det viktig at han/ho får god informasjon om kva det innebærer og kva konsekvensar det kan ha å gi eit samtykke. Pasienten har rett til å vite kva opplysningar samtykket gjeld, kven som skal få opplysningane og kva dei skal brukast til.

Når det gjeld pasientar som er barn og unge må andre nokon gongar gi samtykke på vegne av desse. Det gjeld feks foreldre eller andre med foreldreansvar for barn under 16 år. Helsepersonell skal likevel ikkje gi helseopplysninger til foreldre til barn mellom 12 – 16 år når pasienten ikkje ynskjer dette, og dersom det føreligg grunnar som må respekterast.

Er pasient/brukar over 18 år, men ikkje i stand til å gi samtykke, feks ved alvorleg utviklingshemming, kan næraste pårørande samtykke til at det blir gjort unnatak fra teieplikta.

Helsepersonell har teieplikt ovanfor anna helsepersonell – Men den skal ikkje gjere det vanskeleg for fagpersoner å samarbeide om pasienten. Dersom det er nødvendig for behandlinga av pasienten, kan helsepersonell dele helseinformasjon – som feks ved rapport. Det gjeld imidlertid ikkje dersom pasienten ikkje ynskjer det etter han/ho har fått informasjon om kva konsekvensar det kan få dersom ein ikkje utleverer denne informasjonen.

Helsepersonellova §25 seier:

«Med mindre pasienten motsetter seg det, kan taushetsbelagte opplysninger gis til samarbeidende personell når dette er nødvendig or å kunne gi forsvarlig helsehjelp.» 

Det vil seie at informasjon som er nødvendig for å kunne sikre forsvarleg helsehjelp kan gis til samarbeidende personell – som feks ved overflytting av pasient mellom avdelingar. Informasjon som ikkje har betydning for helsehjelp skal ikkje gis vidare til samarbeidende helsepersonell.

Du skal heller ikkje gi opplysningar til andre instansar (PP-tenesta, NAV, sosialkontor) med mindre pasienten har samtykka til det eller du har opplysningsplikt i den aktuelle situasjonen. Får anna helsepersonell tilgang til informasjon om pasient, skal dette dokumenterast i journal.

Helsepersonellova kapittel 6 tar føre seg at helsepersonell i enkelte situasjonar har ei plikt til å gi informasjon vidare. Dette i samband med alvorlege situasjonar som gjer at vi må bryte teieplikta. Generelt gjelder dette situasjonar der liv og helse er eller kan vere i fare. Helsepersonell har då ei plikt til å melde i fra (opplysningsplikt) – sjølv om ingen har spurt om slik informasjon. Rutiner for dette finn ein på arbeidsplassen. Det er ofte ein person som har ansvar for dette der du jobbar. Opplysningsplikt til barnevern og politi kan være uavhengig av kvarandre, men du må likevel gjere ei vurdering av den konkrete situasjonen.

Opplysningsplikt til barnevernstenesta: (Helsepersonellova §33 og Barnevernlova (§4-10,4-11 og 4-12))

  • Når foreldre ikkje sørger for nødvendig helsehjelp til eit barn med ein livstruende eller alvorleg sjukdom eller skade
  • Når foreldre ikkje sørger for at eit barn med funskjonshemming, eller som er særleg hjelpetrengende, får nødvendig behandling eller opplæring
  • Dersom eit barn blir mishandla eller for eksempel blir utsett for seksuelle overgrep eller andre former for mishandling eller trakassering.

Opplysningsplikt til politi og brannvesen:

Helsepersonell har plikt til å varsle politi dersom det er nødvendig for å avverge ein skade, feks dersom ein pasient har tenkt å køyre bil og er påverka av rusmiddel. Dette etter sjølv å ha prøvd løyse utfordringa. Andre eksempel kan vere dersom ein er kjent med at nokon planlegg straffbare handlingar som kan føre til skade på ein person. Som helsepersonell har du også teieplikt, så dersom politi spør om informasjon i samband med etterforskning og det ikkje er av betydning for liv og helse, så skal du halde teieplikta.

§31 i helsepersonellova seier:

«Helsepersonell skal varsle politi og brannvesen dersom dette er nødvendig for å avverge alvorleg skade på person eller eiendom»

Opplysningsplikt til helse- og omsorgstenesta:

Helsepersonellova gir helsepersonell opplysningsplikt dersom ein får kjennskap til at ein gravid ville misbrukar rusmiddel og det er overveiende sannsynleg at barnet blir født med skade (§32). I slike situasjonar skal helsepersonell kun gi opplysningar som er nødvendig for å gi hjelp til den gravide rusmiddelmisbrukaren.

Sjølv om du er på jobb, skal du ikkje utveksle teiepliktbelagt informasjon med andre helsepersonell – sjølv om alle har teieplikt.

Bryt du teieplikta eller skaffar deg informasjon gjennom «snoking», kan dette føre til alvorlege konsekvensar. Alvoret av bruddet er avgjerande for konsekvensen. Dersom du delar svært sensitiv informasjon, kan du miste jobben. I tillegg kan saken bli oversendt tilsynsmyndighetene (Fylkesmannen) for ein uttalelse.

Alvorlege saker blir oversendt Statens helsetilsyn. Dei kan gi advarsel, men du kan og miste autorisasjon og/eller bli straffa med bøter eller fengsel inntil 3 mnd.

Autorisasjonen din viser at du oppfyller dei faglege og formelle krav til yrkestittelen. Mister du autorisasjonen kan du ikkje lenger benytte yrkestittelen eller jobbe som helsefagarbeider.

I helsepersonellova §21a står det:

«Det er forbudt å lese, søke etter eller på annen måte tilegne seg, bruke eller besitte opplysninger som nevnt i §21 uten at det er begrunnet i helsehjelp til pasienten, administrasjon av slik hjelp eller har særskilt hjemmel i lov eller forskrift.»

Det er brudd på teieplikta dersom du skaffar opplysningar om pasientar og brukarar som du ikkje arbeidar med. Du kan heller ikkje skaffe deg opplysningar om pasientar du har hatt tidlegare, fordi du er nysgjerrig på korleis det går med vedkomande.

(sjå konsekvensar for brudd på teieplikta)