Frå læreplan vg2 Helsearbeidarfag

  • Planlegge og grunngi samansettinga av kostholdet for ulike brukarar ut fra allmenntilstand, funksjonsnivå, alder og behov, og i tråd med norske tilrådingar for ernæring.
  • Lage trygge og sunne måltid for brukarar i tråd med norske tilrådingar om ernæring.

Frå læreplan vg3 Helsearbeidarfag

  • Legge til rette for og lage til måltid som tek omsyn til helsa og trivselen til brukarane, og grunngi forslaga i tråd med norske tilrådingar for ernæring.
  • Identifisere underernæring og feilernæring og føreslå tiltak for å førebyggje og behandle desse.

Temaet omhandlar:

  • Kva eit sunt kosthold er – Nøkkelråd for eit sunt kosthold.
  • Korleis motivere til eit betre kosthold.
  • Planlegging av måltid
  • Kost i eldre år
  • Feilernæring, underernæring og kosthold ved overvekt.
  • Når det er behov for kosttilskudd

Kosthold, ernæring og væskebalanse

Eit sunt kosthold fremja god helse og velvære. Som helsefagarbeider vil du møte menneske som et mat som ikkje er bra for kroppen – eller som et feil. Det kan vere snakk om overvekt, underernæring eller feilernæring.

Eit kosthold som ikkje er rett sammensett for den enkelte sitt behov, kan føre til ulike livsstilssjukdomar.

Som helsefagarbeider er det viktig at du veit kva som kjennteiknar eit sunt kosthold og korleis du kan legge tilrette for dette. Mange har sjukdommar og plager (som feks diabetes, nedsett matlyst, allergier) som påverkar ernæringstilstanden, og du må kjenne til korleis du kan hjelpe desse med å sikre eit kosthold som sikrar kroppen dei næringsstoffa den treng for å kunne fungere optimalt.

Mange er og utsette for dehydrering (uttørking) som følgje av at ein drikk for lite. Mange eldre kjenner ikkje at dei er tørste, og er difor svært utsette for dette. Væske er heilt nødvendig for normale kroppsfunksjonar, og du som helsefagarbeider har ei viktig oppgåve å sikre at brukar/pasient får tilfredsstilt kroppen sitt behov for væske. Du må difor kjenne til kor mykje væske som er nødvendig for den enkelte, korleis registrere væskebalansen, kva som er teikn på dehydrering og kva tiltak du kan sette i verk for å sikre god væskebalanse.