Personleg hygiene omfattar vask av krpppen, av- og påkledning, hudpleie, stell av hår og skjegg, tannpuss og munnstell, stell av føter og klipp og stell av negler på fingrer og tær. Ein del av dei du møter i jobben din klarer å ta seg av den personlege hygiena sjølv, andre treng hjelp til delar av den og nokre treng hjelp til alt. God personleg hygiene betyr mykje for både velvære og sjølvbildet vårt. Vi føler oss betre rundt andre og det påverkar også korleis andre ser på oss.

For ein person som er sjuk og hjelpetrengande, betyr det mykje å sjå rein og velstelt ut. Då føler ein seg mindre sjuk – og meir verdig. Det betyr også mykje for pårørande, som ser på god personleg hygiene som eit uttrykk for at familiemedlemmet får godt stell og blir behandlar med respekt.

Personleg hygiene bidrar også til å holde oss friske. Det er med på å forebyggje smitte og halde huda heil og fri for skader og infeksjonar.

Mennesker har ulik oppfatning av kva som er god personleg hygeiene. Nokre dusjar kvar dag, mens andre dusjar ein gong i veka. Nokre brukar sminke og parfyme, mens andre ikkje. Alle har sine rutiner, men felles for dei fleste er at det å stelle seg er svært privat. Mange synest det er flaut, uverdig og vanskelig å måtte ha hjelp til å stelle seg. Dei fleste likar å stelle seg i rolige omgjevnader. For personar som bur heime eller har einerom er dette som regel uproblematisk. Dersom brukaren deler rom med andre, er det viktig at ein ikkje blottlegg brukaren. For å unngå dette kan ein feks skjerme han/ho med forheng eller skjermbrett.

Når ein skal hjelpe ein pasient med personleg hygiene, er det viktig at ein planlegg godt i forkant. Planlegginga bidrar til å skape flyt og ro i situasjonen og legg til rette for brukarmedverknad og godt samarbeid med pasienten. Stellet må også gjennomførast på ein fagleg forsvarleg måte, dvs at du må ta omsyn til pasienten sin helsetilstand og funksjonsnivå.

Bruk sjukepleieprosessen saman med pasienten før, under og etter stellet:

  1. samle inn data
  2. Identifiser behov og ressursar – Kva kan pasienten gjere sjølv? Kva treng han hjelp til? Kor mykje hjelp treng han?
  3. Set mål – Kva er målsetniinga i samband med stell og personlig hygiene? Bli rein og føle velvære? Oppleve meistring? Være aktiv? Stimulere sirkulasjon osv?
  4. Planlegg og gjennomfør tiltak – Kvar og korleis skal stellet skje? Korleis føreby pasienten og omgjevnadane (td romtemperatur og skjerming)? Kva trengst av utsyr? Kva skal du observere? Korleis ta omsyn til meistring, aktivitet og brukarmedverknad?
  5. Evaluer korleis tiltaka verkar – Korleis opplevde pasienten stellet? Informerte du godt? Gjekk samarbeidet bra? Lytta du til pasienten sine ønsker? Fekk pasienten for lite, for mykje eller rett hjelp vurdert ut fråd ei behova han hadde?

Kan være:

  • Kroppsvask i seng
  • Dusj
  • Bad i badekar
  • Vask med vaskeklut mens pasienten sit eller står ved vasken

Dei tre første metodane er dei vanligste. Å bruke vaskeklut er aktuelt dersom det ikkje finst badekar eller dusj. Det kan også være at pasienten ikkje kan dusje eller bade, men at han ikkje er så slapp eller sjuk at han må ligge. Korleis kroppsvasken skal gå føre seg, er med andr ord avhengig av kva pasienten orkar og ønsker.

Prosedyre på kroppsvask i seng: https://ndla.no/nb/subjects/subject:4/topic:1:172821/topic:1:72043/resource:1:5160