Væskeansamlingar i kroppen (Ødem)

Ødem er ei opphoping av væske utanfor blodkar i eit kroppsvev. Ødem kan oppstå over alt i kroppen, men er mest vanleg i legger og bein – spesielt ved anklene.

Ødem oppstår ofte som ein konsekvens av andre sjukdomar som hjertesvikt eller nyresvikt. Hjertesvikt gir ein forstyrring i blodsirkulasjonen – hjertet klarer ikkje å pumpe blodet med stor nok kraft, noko som gjer at tilbakestraumen via vener tilbake til hjertet ikkje blir god nok – væske i blodårene blir pressa ut i vevet som følgje av det høge trykket i årene.

Nyrene har som oppgåve å blant anna skilje ut overskuddsvæske i kroppen. Ved nyresvikt klarer ikkje nyrene å gjere denne jobben godt nok  – dette fører blant anna til at væske hoper seg opp i kroppen.

Grunna tyngdekrafta, vil hevelsar ofte vere mest uttalt i beina.

Enkelte medikament kan også gi ødem.

Vidare vil vi ta føre oss ødem (væskeansamlingar) i beina

Vanlegaste årsakene til  væskeansamlinger i beina (ødem) er at hjertet har svekka pumpeevne, og at tilbakestrøyminga av blod til hjertet sviktar.

Væske fra blodårene vil bli pressa ut i vevet, noko som gjer at ein får væskeansamlinger i føter og bein – evt dei kroppsdelene som ligg lavest.

Ødem  i føtene hindrar  blodsirkulasjonen på ein måte som aukar faren for leggsår. Grunna redusert blodtilførsel kan slike sår vere vanskelege å behandle – dei gror ofte dårlegare som følgje av den reduserte blodtilførselen.

Litt om leggsår

Leggsår kan vere arterielle eller venøse.

Arterielle leggsår oppstår i arteriene og kjem av at blodtilførselen til eit område i huda er for dårleg – gjerne som følgje av aterosklerose (som gjer årene trangare). Såra er ofte avgrensa med jevne sårkantar og kjem ofte rundt anklene. Pasientane føler ofte smertelindring når ein held føtene lavt – då aukar blodtilførselen.

Venøse leggsår kjem av at den venøse tilbakestrømminga til hjertet er for dårleg. Væske siv fra vener og ut i vevet rundt og gir ødem. Hevelsen i vevet (ødemet) hemmer igjen tilførselen av blod og oksygen i området. Såra oppstår vanlegvis på leggane. Sårkantane er ofte ujamne, huda rundt raud og flassende. Smerter blir lindra når ein hevar beina høgt – eller ved bevegelse.

Observer

Har pasient n0kre av desse symptoma:

  • Hovne bein – meir om kvelden enn om morgonen
  • Spent, tynn og glinsande hud. Sår oppstår lett og gror seinare.
  • Pasient klagar over smerter, spreng eller tyngdefølelese i beina.
  • Ståande fingermerker. Dvs når du trykker fingertupp mot ødemet og slipper, så vil du sjå ei fordjupning etter fingeren.
  • Bevegelse – gå eller beveg beina. Dette hjelper tilbakestrømminga av blod til hjertet ved at muskulaturen pressar blodet oppover. Musklane erstattar på denne måten arbeidet som hjertet vanlegvis har i dette området. Vi kallar det muskel-venepumpe. Informer pasient om kvifor det er viktig å vere i bevegelse.
  • Hev beina høgt –Det lettar tilbakestrømminga. Tyngdekrafta hjelper blodet tilbake til hjertet. Hev gjerne fotenden litt i senga – utan at pasienten ligg i nedoverbakke med overkroppen (dette for å unngå for stor belastning på hjertet). Når pasienten sit, kan ein skammel eller fotgynge vere ein måte å førebyggje for stor hevelse i føtene. Unngå stramme sokker då desse hindrar tilbakestrømminga.
  • Elastiske strømper – støttestrømper. Desse er konstruerte slik at det er strammare nederst rundt fot og ankel og mindre stramt lenger oppe på leggen. Strømpene letter den venøse tilbakestrømminga. Strømpene blir tilpassa av ein sjukepleiar eller fysioterapeut – og skal takast på før pasienten står opp om morgonen