Vi blir utsatt for smitte kvar dag utan at vi legg merke til det. Grunnen til at vi ikkje alltid blir sjuke, er at kroppen sitt eige immunforsvar vernar oss mot sjukdomsframkallande mikrobar.

Vi har eit ytre forsvar (barriereforsvar) som først vernar oss. Dersom mikrobane kjem igjennom det ytre forsvaret, vil det indre forsvaret forsvare og reparere alle angrep på på kroppen.

Det er mange ulike faktorar som avgjer om vi blir sjuke eller ikkje. Eit sunt levesett og god psykisk helse aukar immunforsvaret vårt. Personar med nedsett immunforsvar har større sjanse for å bli smitta av sjukdomsframkallande bakteriar.

Små barn kan ha umodent immunforsvar og hos eldre kan immunforsvaret være svekka. Begge desse gruppene er derfor meir utsette for smitte.

Ernæringstilstand er også viktig i forhold til eit godt immunforsvar. Underernæring og feilernæring gjer at kroppen får for lite av både protein og energi. Det aukar også faren for infeksjonar og gjer at det tek lengre tid før personen blir frisk.

Vi har tre typar immunforsvar, sjå under.

HUDA: Normalfloraen i huda beskyttar oss på ulike måtar. Overhuda består av eit tett lag med celler som det er vanskelig å trenge igjennom. Kjertlar skil ut sveitte og talg og når dette kjem ut på hudoverflata, trivst normalfloraen, men ikkje dei sjukdomsframkallande bakteeriane. Normalfloraen vår består av kvite stafylokokkar. Huda har normalt ein pH-verdi på 4.5-6. Dersom verdien endrar seg (om en for eksempel brukar såpe med høg pH-verdi), blir dei djupe laga i huda meir utsette for angrep av sjukdomsframkallande mirkobar.

SLIMHINNENE: Slimhinnene har ulike oppgåver. Nokre kan hindre skitt og mikrobar i å komme inn, mens andre har som oppgåve å fukte hud, produsere slim eller stå imot slitasje.

  • AUGA: Tårevæske held auga fuktige og fører bort støv og liknande. Tårevæska inneheld enzym som kan løyse opp celleveggen i ein bakterie og øydelegge han.
  • LUFTVEGANE: I nasa er det sekret og flimmerhår som fuktar, varmar opp og filtererar lufta vi pustar inn. Støv og anna forureinng blir fanga opp og vi kan nyse det ut igjen. Dersom mikrobane kjem forbi dei ytre flimmerhåra, kan det feste seg til slimet i nasa som inneheld stoff som drep bakteriane. Om bakteriane skulle komme seg vidare forbi nasa, møter dei små flimmerhår i bronkiane som «dyttar» framandlegmene oppover og mot svelget. Deretter svelger vi dei eller hostar dei opp.
  • FORDØYINGSKANALEN: Først vil mikrobane møte spytt som inneheld enzym framande mikrobar og held slimhinna fuktig og smidig. I magesekken er det også enzym som spaltar syre og protein som sørgjer for lågt baktereinnhald.
  • URINVEGANE: Urinvegane er sterile. Dersom mikrobar kjem til urnrøret eller uriinblæra, blir dei normalt ført ut via urinen. Urin har låg pH-verdi og er dermed svært sur. Bakterar og sopp trivst ikkje i eit surt miljø.
  • KJØNNSORGANA: I skjeden hos damer dannar bakteriiane i kroppen melkesyre og skapar eit surt miljø, noko som gjer dårlig vekstvilkår for andre mikrobar. Desse bakeriane forsvinn etter overgangsalderen (grunna hormonelle forandringar) og dermed blir slimhinnene då lettare infiserte med sjukdomsframkallande bakteriar og sopp.

Det medfødte uspesifikke immunforsvaret reagerer med ein gong det er behov for det. Vi seier at det er uspesifikt fordi det alltid reagerer på same måten, uansett kva mikrobar det skal angripe.

Dersom vev blir skadd, får du ein betennelse (inflammasjon). Dette kjem i form av lokal varme, hevelse, raud hud og smerter. Når årsaka til betennelsen er at mikrobar,trenger igjennom immunforsvaret, formerer seg og fører til sjukdom, snakkar vi om ein infeksjon.

Ein betennelsesreaksjon blir utløyst samme kva som er årsaka til skaden, og signaliserer at noko irriterer vevet. Årsaka til betennelsen kan være at ein har slått seg og fått eit sår, stråleskade (solbrent) eller betennelse i eit operasjonssår.

Immunforsvaret består av kvite blodceller og lymfesystemet. Når vevet blir irritert skjer dette:

  • Kvite blodceller (fagocyttar) strøymer til området og «et opp» framande stoff og mikrobar.
  • Blodårene utvidar seg for å hjelpe fagocyttane fram.
  • Dei minste blodårene blir gjennomtrengelige slik at plasma og celler kan sive ut i vevet.
  • Området blir varmt og. Hovent. Varmen oppstår på grunn av den livlege celleaktiviteten i området.
  • Feber er også eit vanleg symptom på betennelse

Det uspesifikke immunforsvaret klarer ikkje alltid å stoppe infeksjonen, men kan forsinke prosessen til det spesifikke immunforsvaret kjem på bana.

Det erverva, spesifikke immunforsvaret er direkte retta mot mikroben som angrip kroppen vår og set i gong ein bestemt reaksjon mot mikroben. Denne reaksjonen blir huska og kroppen kan kjenne igjen mikroben om ein blr utsett for han igjen. Nye infeksjonar med den samme mikroben blir enten utan symptom eller mildare enn første gong.

  • Antigen og antistoff

For å kunne stoppe ein infeksjon, må kroppen kunne skilje mellom eigne og framande celler. På alle cellene sit det eit kjennemerke på overflata, eit antigen. De kviite blodcellene har frå under forsterutviklinga lært seg å kjenne igjen antgena i kroppen. Når cellene oppdagar ukjente antgen vil dei gå til angrep.

Diagnosen kan ofte stilles med høy sannsynlighet ut fra de typiske symptomene. Dersom diagnosen er usikker, vil man foreta et belastnings-EKG. Dette er en test av hjertet som gjøres under sykling på ergometersykkel, og slik test vil i mange tilfeller bekrefte diagnosen. Det kan også gjøres scintigrafisk undersøkelse av hjertet dersom ikke EKG-undersøkelsen gir tilstrekkelig avklaring.

Røntgenkontrast-undersøkelse av blodårene (hjertekateterisering) viser nøyaktig hvilke blodårer som er tette, og grad av tetthet. Dersom forholdene ligger til rette for det, kan hjertespesialisten i forbindelse med hjertekateteriseringen blokke ut det trange partiet av koronararterien. Som regel blir det også satt inn en stent som forhindrer at den trange åren lukker seg igjen.

Noen ganger lar det seg ikke gjøre å blokke ut den eller de trange koronararteriene. Da må det utføres bypass-operasjon.