0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

Bli med på supersamling til Sandane og foredraget til Øystein Pølsa Pettersen! 🙂

Øystein snakkar om korleis få ting til, og å ha trua på seg sjølv🙂. Foredraget startar kl 2000-2130, men vi vi møtast på GLOPPEN HOTELL kl 18 og et pizza der ilag først. Håper du vil kome!

Tid og stad
Mandag 29. januar 2024
Oppmøte kl 18 i på Gloppen hotell. Foredraget startar kl 20.

Påmelding
Påmelding via Fagbrev-appen
Frist for påmelding: måndag 29.1. kl 12.
Ta kontakt med superfritidssjef Hilde-Kristin på mobil 48148098 om du har spørsmål.

Om foredraget «Hvem vil du være?»
(Link til arrangementet her)
Øystein Pettersen har levd som profesjonell skiløpar på elitenivå heile sitt vaksne liv.

Gjennom idrettskarriera har han oppnådd mange gode resultat med OL gull i Vancouver som det sportslige høgdepunktet. Men Øystein vil heller bli huska for kven han er som person framfor resultat han oppnådde i skirenn, eller kor langt han kom i Mesternes Mester.

I si reise i idretten har han jobba med og vore i miljø der prestasjon har vore i fokus, og der fantastiske resultat har vore konsekvensen av arbeidet som har blitt lagt ned. Han har fått ta del i kulturar frå ulike arena, og har blitt lidenskapeleg oppteken av alt som ligg bak det å skape dei gode prestasjonane, dei gode miljøa og gode folka.

Foredraget handlar lite om langrenn, men mykje om mekanismane som ligg bak det å få ting til og ikkje minst korleis lage flest mogleg gode dagar!

Øystein sin draum er å gjere ein forskjell. «Hvem vil du være» handlar ikkje om Øystein, men om deg og at du, familien, klubben eller bedrifta di skal nå sitt potensial.

«Min jobb er ikke å få deg til å tro på meg. Min jobb er å få deg til å tro på deg selv»!