0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

BRU- OG TRAVERSKRANKURS
INKLUDERT ANHUKER/STROPP (G4 OG G11)

5.-8. februar, Åheim

Kurs for arbeidstakarar som skal handtere bru- og traverskranar i sitt arbeid.

OPPMØTE MANDAG 5. FEBRUAR:
Alle må møte seinast kl 08:30 ved inngangsport på kaia. Her blir det delt ut besøkskort som alle skal bruke vidare ved ankomst og avgang fra anlegget dei resterande dagane. Her vil de få beskjed om kor de skal gå for å komme til møterommet på loftet på MOXY bygget. Det blir då tatt en felles sikkerhetsbrief (ca 30 min) som er obligatorisk for alle som skal oppholde seg på anlegget under dette kurset.

VEGBESKRIVELSE:
Når dei kjem til Åheim sentrum, ta av hovedvei inn mot Joker butikken og følg St.Jetmund vegen vidare til porten på Kaia iht beskrivelsen vedlagt.

TIRSDAG – TORSDAG
Alle bruker sitt kort i karusellen på kaia. Torsdag ved endt kurs vil ansatt frå Sibelco samle inn korta ved utgangen

OM KURSET
Kurset går over 4 dagar. I forkant av kurset skal 3 timar nettbasert kurs/opplæring gjennomførast.

Alle som skal operere ei bru- og traverskran i Noreg må ha gyldig kompetansebevis ved å ha gått igjennom dokumentert/sertifisert tryggleiksopplæring. Vårt kurs gjev grunnleggjande tryggleiksopplæring for å handtere bru- og traverskraner (G4). Ein vil i tillegg få stropp og anhukerkurs (G11).

Plan for kurset
Dag 1: 09:00 – 16:00 Teori G11 Løftereiskap
Dag 2: 09:00 – 16:00 Teori G11 Løftereiskap og eksamen for G11 og Modul 1.1.
Dag 3: 09:00 – 16:00 Teori G4 Traverskran
Dag 4: 09:00 – 12:00 Teori G4 Traverskran og eksamen G4
12:00 – 16:00 Praksis G4 Traverskran.

Pris
For tilsette i medlemsbedriftene våre, kostar kurset kr 11 000,-. Dette inkluderer alle modulane. Har du tatt ein eller fleire av modulane tidlegare, kan du melde deg på dei modulane du manglar. Sjå info nedanfor.
Lærlingar som treng kurset m.t. sin læreplan får kurset gratis😊

Oversikt over modulane

  • Modul 1.1. Nettbasert førebuingskurs, kr 1000,-
    Obligatorisk for alle som ikkje har tatt truck eller anleggsmaskin tidlegare
  • G11 Stropp og anhuker, kr 5 490,-
  • G4 Bro og Traverskran, kr 5590,-
  • Oppkjøring G4 Traverskran, kr 1000,-
    Kursdeltaker står fri til å bruken andre opplæringsbedrifter til oppkjøring
  • Kompetansebevis, 400,-

Påmelding
Påmelding via skjemaet nedanfor.
Lærlingar som treng kurset m.t. sin læreplan blir automatisk påmeldt. Sjå fagbrev-appen.

Meld deg på bru- og traverskrankurs, 5.-8. februar 2024