0Weeks0Days0Hours0Minutes0Seconds

INSPIRASJONS-KVELD
for alle som jobbar med lærlingar

Tysdag 16. april kl 18.30
Gymmen Scene, Nordfjordeid!

Vi ynskjer ALLE våre instruktørar, faglege leiarar og andre som jobbar med lærlingar i superbedriftene våre velkomne til inspirasjonskveld.

I dei koselege lokala til Gymmen Scene inviterer vi til ei hyggeleg stund med ein god miks av fag, sosialt og nydeleg mat.

Vi er sikre på at dette blir ein strålande kveld der ein sit igjen med ny kunnskap og kanskje med nye ting i verktøykassen for den viktige rolla ein har som instruktør og kollega for lærlingane.

Arrangementet er gratis og eksklusivt for våre superbedrifter.

Sett av datoen  – meir info kjem!

Påmelding
For å delta er det viktig at du huskar å melde deg på skjemaet nederst på sida:). Påmeldingsfrist: Fredag 12. april.

Vi håpar å sjå deg 🙂

Meld deg på inspirasjonskveld tysdag 16. april 2024