Best fishing gear

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Best Fishing Gear er ein triveleg liten arbeidsplass som ønsker å ta godt vare på ungdomen i lokalsamfunnet vårt. Bedrifta vår er ein god start på å komme seg vidare frå skule og inn i arbeidslivet. Vi er medlemmar i Nordfjord Opplæringskontor.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Ta kontakt med Nordfjord opplæringskontor for å verte lærling.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling i Best Fishing Gear får du sjå, lære og oppleve korleis det er å jobbe i ei mekanisk verksemd. Her få du vere med på utvikling, produksjon og sammenstilling av til dømes mekanisk utrustning til fiskebåtar. Vi ønsker at du som lærling skal trivast hos oss og at når du er ferdig med fagbrevet så skal du ha den kompetanse som du ved lærlingstart ønska deg.

Kvar er bedrifta lokalisert?

På Flatraket i Stad kommune

Kven vert kolleganene på jobben?

Vi er ei lita bedrift med ca 10 tilsette, der vi i kollegiet har lærlingar, sveisarar, CNC-operatørar, teknisk teiknar og industrimekanikarar.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Berre ta kontakt med oss eller Nordfjord opplæringskontor. Vi tek inn lærlingar fortløpande når vi treng lærlingar.