Brødrene Aa

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Lærlingane hos oss får ein trygg base for faget, og moglegheit til å ta eit fagbrev som er til stor nytte vidare i yrkeslivet. Per dags dato har vi lærlingar i industrimekanikarfaget, industrirørleggarfaget og polymerkomposittfaget. Brødrene Aa tilbyr også den teoretiske opplæringa innanfor polymerkomposittfaget.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Her er det berre å søke om lærlingplass på vanleg måte. Bruk gjerne superlarling.no til å søkje.

Kva vil det seie å verte lærling i bedrifta?

For Brødrene Aa representerer lærlingane ein viktig del av framtida. Brødrene Aa vil legge til rette for at lærlingen tileignar seg kunnskap og kompetanse frå våre medarbeidarar. Noko som gjer deg til ein dyktig fagarbeidar og gir deg god kompetanse i det og jobbe tett med andre faggrupper.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Brødrene Aa er lokalisert i Hyen i Gloppen Kommune kor hovudkontor har vore sidan 1947. Vi har også ei avdeling i Eikefjord i Kinn kommune

Kven vert kollegaene på jobben?

Lærlingane hos oss får god oppfølging av dedikerte og dyktige folk innanfor sitt område. Brødrene Aa har i dag ca 190 tilsette.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Ein kan søkje når ein vil. Ta kontakt med Nordfjord opplæringskontor eller oss direkte.