EasyForm

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Easy Form blei etablert i 2005, og har utvikla seg til å bli ein komplett rådgjevar og design leverandør som leverar alt frå design og ingeniørtjenester til ferdig produkt innan kompositt. Easy Form har to av Europa sine største 5-akse CNC fresemaskiner for maskinering av store komplekse flater. Vi er etablert i eit teknologisk miljø i Måløy med blant anna skipsverft og hydrodynamikk testtank som næraste nabo. Easy Form er mellom anna kjent for å ha bygd den fyrste heilelektriske bilferga i kompositt som kan frakte farleg last “MF Barmøy”. Av andre spennande prosjekt har vi mellom anna støypt prototypen delar til forsvaret sitt luftvernsaystem NASAMS.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Du søkjer læreplass via www.superlarling.no

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling hos Easy Form får du utdanning innan det særs framtidsretta lærefaget Polymerkompositt. Her vil du få vere med på spennande prosjekt, med alt frå formproduksjon, prototyping, fresing og utvikling.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Easy Form er lokalisert i Måløy.

Kven vert kolleganene på jobben?

Lærlingane hos oss får god oppfølging av dedikerte og dyktige folk innanfor sitt område.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfrist er 1. mars, og normalt sett vil læretida di starte i august.