Eid Elektro
Kvifor verte lærling i bedrifta?
Spanande, interessante og varierte arbeidsoppgåver. Godt arbeidsmiljø. Sterkt fokus på at den tilsette skal få moglegheit til å utvikle seg. Største elektrobedrifta i Nordfjord med 75 tilsette. Gode moglegheiter for ei brei og spanande praksistid. Framtidsretta bedrift som er i vekst.
Korleis verte lærling i bedrifta?
Sende inn søknad. Vise interesse for faget og vilje til å jobbe. Følge med på skulen, og kome ut med bra karakterar og lite fråvær. Stå på i arbeidspraksis og vise kva du kan.
Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?
Lærlingen får være med på bygging av alle typar elektro- og automasjonstavler. Du får god opplæring og får jobba saman med andre som føl deg godt opp. Du får jobbe med skjema, montasje, koblingsteknikk, testing og arbeid ute i felten. Være utadvent og bidra til eit godt sosialt miljø. Må også være påliteleg og presis.
Kvar er bedrifta lokalisert?
Bedrifta er lokalisert på Øyane 12, 6770 Nordfjordeid.
Kven vert kolleganene på jobben?
Lærlingen vert kollega med andre tavlemontørar, elektrikarar og ingeniørar, i tillegg til andre lærlingar.
Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?
Søknadsfrist er 15.03. Oppstart 20 august.