Ekornes

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Du kan bli en del av Norges mest moderne møbelsnekkeri. Ekornes er Skandinavias største møbelprodusent, og vi kan tilby spennande læreplassar innanfor fleire ulike fagområder. Etter endt læretid er mulighetane for å kunne utvikle seg vidare innanfor Ekornes store, ein vil og være kvalifisert for vidare studier om ein heller ynskjer det. I tillegg vil du bli svært attraktiv på arbeidsmarkedet. Ekornes og Stressless er ei sterk merkevare som alle arbeidsgivarar kjenner til, og vil uansett vidare karriere styrke CV en din kraftig.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Den beste vegen er søke gjennom Nordfjord Opplæringskontor sine nettsider. Du kan og ta direkte kontakt med bedrifta om du heller ynskjer det.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Du blir ein del av godt og utviklande arbeidsmiljø. Du vil få varierte arbeidsoppgåver, og eit godt opplegg for oppfølging gjennom læretida. I tillegg vil du få delta på samlingar for lærlingane våre.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Du finn oss på Grodås i Hornindal, i Volda Kommune.

Kven vert kolleganene på jobben?

Dine kolleger vil være dei mest kompetente innanfor sine fagfelt i landet. Dei har ulik alder og vil være av begge kjønn. Vi har fleire nasjonalitetar, der alle er godt inkluderte. Vi har norsk som arbeidsspråk, og alle kommuniserer godt på norsk.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Vi følgjer dei offentlige søknadsfristane som i pr er 1. mars. Vanlegvis så vert lærlingane tilsette i perioden mars – juni, og med oppstart etter sommarferien i august. Men vi er opne for å diskutere andre tidspunkt for oppstart om det skulle høve den enkelte bedre.