AS Fiskevegn

Kvifor verte lærling i bedrifta?

AS Fiskevegn er ein global aktør i produksjon og sal av fiskereiskap til profesjonelt fiskeri. Selskapet er lokalisert på Flatraket i Stad kommune og har salskontor i Ålesund. Vi har produksjon og sal som primære områder. AS Fiskevegn er ein triveleg arbeidsplass som ynskjer å ta godt vare på ungdomen i lokalsamfunnet vårt. Bedrifta vår er ein god start på å komme seg vidare frå skule og inn i arbeidslivet, og vi tek godt vare på alle våre lærlingar og gjev dei ansvar og meiningsfulle oppgåver å jobbe med. Vi er medlemmar i Nordfjord Opplæringskontor.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Ta kontakt med Nordfjord opplæringskontor for å verte lærling.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling i AS Fiskevegn får du sjå, lære og oppleve korleis det er å jobbe i ei bedrift med produksjon og sal som primære områder. Vi vil legge til rette for at lærlingane våra tileignar seg kunnskap og kompetanse frå medarbeidarane våra. Vi ønsker at du som lærling skal trivast hos oss og at når du er ferdig med fagbrevet så skal du ha den kompetanse som du ønska deg ved lærlingstart.

Kvar er bedrifta lokalisert?

På Flatraket i Stad kommune.

Kven vert kolleganene på jobben?

Vi er ei bedrift med ca 40 tilsette, der vi i kollegiet har produksjon, lager, sal, teknisk og administrasjon.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Berre ta kontakt med oss eller Nordfjord opplæringskontor. Vi tek inn lærlingar fortløpande når vi treng lærlingar.