Førde Sementvare

Avd Stryn Betongelement


Kvifor verte lærling i bedrifta?

Er du interessert i betongfaget er vi rette staden for deg. Vi produserar betongelement til lokale og regionale byggeprosjekt. Vi bistår kundane med alt i frå rådgjevning og prosjektering, til produksjon, transport og montasje. Med fagbrev i betongfaget vil du få mulighet til vidare utvikling i bedrifta. Du vil samtidig vere kvalifisert for vidare studier om ein heller ynskjer det. Med fagkompetanse i betongfaget vil du vere svært attraktiv på arbeidsmarknaden innan bygg og anlegg.

Korleis verte lærling i bedrifta?

For å bli lærling hjå oss kan du ta kontakt direkte eller søke gjennom nettsidene til Nordfjord Opplæringskontor.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Hjå oss vil du få god opplæring i fagområda knytt til produksjon og montasje av betongelement. Du blir del av eit godt arbeidsmiljø som har sterk fagleg kompetanse. Vi ønsker å gjere vårt for at du ved endt læretid står godt rusta til å møte arbeidslivet vidare.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Bedrifta vår har to avdelingar, i Loen i Stryn kommune og Førde i Sunnfjord kommune. Du vil vere knytt til vårt anlegg i Loen, men vil også få anledning til opplæring ved avdelinga i Førde.

Kven vert kollegaene på jobben?

Vi har eit godt samansatt lag av tilsette med ulik alder, bakgrunn og nasjonalitet. Fleire hos oss har vert her i mange år og opparbeidd seg mykje erfaring, den lengste på 40 år. Arbeidsspråket vi nyttar er norsk.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Vanlegvis tilset vi lærlingar i perioden mars-juni og oppstart er i august, slik at vi følger den offentlege søknadsfristen som per i dag er 1. mars. Ynskjer du oppstart utanom dette, så er vi opne for å finne ei god løysing for alle partar.