Gloppen Hotell

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Som lærling på Gloppen hotell vil du få erfaringa du treng for å fortsette vidare i yrket. For oss er lærlingar like viktig som alle andre, og vi er opptekne av at arbeidsoppgåvene er tilpassa di utvikling.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Ta kontakt direkte med oss, eller gjennom Nordfjord Opplæringskontor. Vi tek gladelig imot deg på utplassering.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Du blir med ein gong ein del av teamet her. Det er viktig for oss å utvikle deg som lærling til ein fagarbeider, du vil gjennom tida på Gloppen hotell få det du treng av opplæring og erfaring.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Vi held til på Sandane, i Gloppen kommune.

Kven vert kolleganene på jobben?

Vi er eit ungt team og har lærlingar i ulike fag. Vi er ei lita bedrift der du lærer deg å kjenne alle som jobbar på hotellet.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfristen er 1 mars og oppstart er etter avtale. Det er og mogleg å søkje utanom fristen dersom det fortsatt er ledig læreplass.