Gloppen Kommune

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Gloppen kommune er ei kommune med kring 6000 innbyggjarar. Kommunen er mellom anna kjent for lakselevar, stisykling, lokalmat og hurtigåande passasjerbåtar med teknologi i verdstoppen. Kommunen ynskjer å vere ei god lærebedrift som tek godt vare på deg gjennom heile læretida og gir deg god oppfølging på veg mot fagbrevet.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Gloppen kommune lyser ut ledige læreplassar gjennom Nordfjord opplæringskontor, og du finn våre ledige læreplassar finn du på www.superlarling.no.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling i Gloppen kommune vil du få jobbe på ulike av våre avdelingar innan helse og omsorg i kommunen. Her vil du få vere med påvirke og forme kvardagen til både unge og eldre som treng hjelp og omsorg i sin kvardag.  Vi ynskjer å gi alle våre ei læretid som er prega av tryggleik, spenning og utvikling. Som lærling i kommunen vil du få god hjelp og støtte frå våre instruktørar, og i tillegg Nordfjord opplæringskontor.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Gloppen kommune har fleire ulike avdelingar fordelt rundt i kommunen. I læretida di vil du ha ei variert læretid der du jobbar på ulike avdelingar i kommunen. Her vil du vere innom alt frå institusjon til heimetenester og bu&miljø.

Kven vert kolleganene på jobben?

Som lærling vil du bli kollega med flotte og engasjert medarbeidarar i Gloppen Kommunen som kvar dag gjere alt dei kan for å gje gode tenester til innbyggjarane våre.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfristen er 1. mars, og oppstart er som regel i slutten av august.