Hotel Alexandra

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Hotel Alexandra er eit tradisjonsrikt og familiedrive hotell i Stryn i Indre Nordfjord. Alexandra er kjend for si særeigne og personlege atmosfære. Loen byr på fantastisk natur og utflukter i imponerande omgjevnader!

Korleis verte lærling i bedrifta?

Det beste er å sende søknad gjennom Nordfjord Opplæringskontor.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Som lærling på Hotel Alexandra vil du få varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei bedrift med mykje aktivitet. Du vil få grunnleggande opplæring i det fagområdet du er lærling i, men også innanfor andre fagområde på hotellet for å få eit innblikk i den totale samanhengen.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Hotel Alexandra ligg i Loen i Nordfjord.

Kven vert kolleganene på jobben?

Som lærling på Hotel Alexandra vil komme i kontakt med mange kollegaer frå mange nasjonalitetar.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Søknadsfristen er i utgangen av april, med oppstart i løpet av sommaren.