HS Bygg AS og HS Rise Bygg AS

Kvifor verte lærling i HS?

HS er ein av dei leiande byggentreprenørane på nordvestlandet, og vi utfører alle typar byggeoppdrag for private og offentlege byggherrar. Dyktige fagarbeidarar innan tømmer og betong er vår viktigaste ressurs. Våre medarbeidarar er ei fin blanding av dyktige fagarbeidarar, kompetente sivilingeniørar, ingeniørar og teknikarar. Vi har høgt fokus på å vere ein trygg arbeidsplass, slik at våre tilsette kjem trygt heim når arbeidsdagen er over.

Som lærling i HS får du vere med på ulike typar prosjekt. Vi bygger alt frå bolighus til store næringsbygg, hotell, bruer, kraftverk, gondolbaner m.m. Ein variert kvardag gir deg eit godt grunnlag til du skal ta fagprøve.

Alternativa er mange om du vel å ta læretida i HS. Vi treng alltid nye og dyktige fagarbeidarar innan tømmer og betong, så her er moglegheiter for fast jobb etter bestått fagprøve. Vi har også gode støtteordningar om du er motivert for vidare skulegang, vi treng personar i leiande stillingar også i framtida.

Korleis verte lærling i HS?

Du kan gjerne ta direkte kontakt med oss ved å sende ein søknad til post@hs-bygg.no, eller søke via opplæringskontoret. Vi oppfordrar også til å søke utplassering hos oss i skuletida di, så vi kan bli betre kjent og diskutere kva ønskjer du har for læretida.

Kva vil det seie å vere lærling i HS?

Du vil få varierte arbeidsoppgåver i læretida, og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø. Ein fast instruktør vil gi deg god opplæring i kvardagen, og i tillegg vil opplæringskontoret følgje deg opp på ein god måte. I HS er det alltid fleire lærlingar som du kan diskutere med, delta på kurs og samlingar i lag med, eller avtale felles aktivitetar på fritida. Vi er stolte av at fleire av våre lærlingar er blitt kåra til årets lærling, siste gang no i 2020 då Lillian vart årets lærling i Vest.

Kvar er bedrifta lokalisert?

HS Bygg AS – kontor i Stryn sentrum

HS Rise Bygg AS – kontor på Hareid

Kven vert dine kollegaer på jobb i HS?

Ein stor andel av våre fagarbeidarar, anleggsleiarar og prosjektleiarar, har tidlegare vore lærlingar i HS. Dei er dyktige i sitt fag og veit kva som skal til når du skal gå vegen frå skulebenken og til fullført fagprøve. Vi er i dag til saman ca. 90 tilsette i alderen 19 – 65 år, derav 10 lærlingar. Vi er 3 damer og resten menn. I HS blir alle behandla likt.  Vi har norsk som arbeidsspråk, og mål om at vi skal kommunisere på norsk.

Søknadsfrist og oppstart på læretida

Vi følgjer dei offentlege søknadsfristane som er 1. mars, men det er positivt om du tek kontakt i god tid. Lærlingane blir som oftast tilsette i perioden mars – juni, og med oppstart etter sommarferien. Vi vurderer elles søknader løpande, så ta gjerne kontakt om du har andre ønskjer/krav til læreperiode.