Paneda

Kvifor verte lærling i bedrifta?

Lærlingane får jobbe i den anerkjente teknologibedrifta som har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar for sin teknologi. Paneda blei starta i 2001, då gründer Oddvar Flølo fann ei løysing for å gje tv-signal til husstandar i satelittskugge. Dei var ein sentral aktør for utbygginga av det digitale bakkenettet i Noreg.

Seinare har dei utvikla «Break-in system» for informasjonsdeling i kritiske situasjonar via Dab-nettet. Dei er no komne langt i å utvikle «Paneda Warning Systems» som er eit system som effektivt kan varsle befolkninga under t.d. terror og naturkatastrofer.

Korleis verte lærling i bedrifta?

Søk læreplass via Nordfjord opplæringskontor, og www.superlarling.no.

Kva vil det seie å værte lærling i bedrifta?

Om du blir lærling hos Paneda vil du få jobbe med utvikling av nye teknologier, og få ta del i den anerkjente bedrifta sine satsingar på teknologi.

Kvar er bedrifta lokalisert?

Paneda er lokalisert med hovudkontor i Selje i Stad Kommune, og har også ei internasjonal salgsavdeling og utviklaravdeling i Sverige.

Kven vert kolleganene på jobben?

Lærlingane hos oss vil få god oppfølging av dedikerte og dyktige folk innanfor sitt område som DAB-teknologi, bakkenett og varslingssystemer. Paneda har i dag 20 tilsette.

Kor tid er søknadsfrist og oppstart på lærlingstida?

Vi tek inn lærlingar på hausten, og søknadsfristen er 1. mars årleg. Likevel kan du uansett søkje læreplass hos oss igjennom heile året.