Cirka fem på gata

Aksel Myklebust (36), Nordfjordeid

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk først på grunnkurs byggfag i Stryn, deretter gjekk eg vk1 tømrar i Måløy.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
For meg var valet enkelt. Frå tidleg på ungdomsskulen visste eg at eg kom til å velje tømraryrket. Eg har alltid vore interessert i å byggje, og heime var eg heldig med å ha fri tilgang til material på garden som eg kunne bruke på diverse hytteprosjekt. Det var ingen som påverka meg i valet, det var heilt naturleg for meg å velje denne vegen.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter at eg var ferdig på vidaregåande, fekk eg lærekontrakt med Veidekke, avdeling Sandane, i to år. Etter militæret fortsette eg i tømrarjobben i Veidekke, men på grunn av ein skulderskade blei eg tvinga til å sjå meg om etter andre moglegheiter. Då kom eg over eit alternativ i Ålesund, byggingeniørstudiet. Der gjekk eg den såkalla Y-vegen, som eg kunne søkje meg inn på med fagbrevet mitt. Eit godt alternativ for fagfolk som har lyst å ta vidareutdanning. Etter fullført utdanning fekk eg meg jobb i Aurstad Tunnel AS som geomatikar/landmålar i 2012. Der jobba eg i 6,5 år. Etterpå tok eg steget opp til anleggsleiar og har jobba som det til dags dato.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Det kjekkaste med jobben min er å vere med på å skape ting som har stor nytteverdi i samfunnet. Det er alt frå store vegar til dam- og kraftprosjekt. Ein møter mange hyggelege folk i bransjen og får oppleve mykje over heile landet. Vi har prosjekt frå nord til sør. Det er alltid kjekt å komme tilbake til området seinare og tenkje på at dette har du vore med på å byggje. God følelse.

Wiktor Baczynski (21), Ørsta

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk på kokk- og servitørlinja på Ørsta vidaregåande skule.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde denne retninga på grunn av at eg likar å utfordre meg sjølv. Eg følte at kokkeyrket ikkje er for alle, så derfor måtte eg jobbe hardt og vise engasjement om eg skulle bli god. Ingen påverka valet mitt.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter to år på vidaregåande kokkelinje fekk eg læreplass på Gloppen Hotell. No er eg utdanna kokk med fagbrev og jobbar i dag på Fugl Føniks i Ørsta.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Det kjekkaste med jobben min er at du aldri sluttar å utvikle deg i kokkeyrket, og at du stadig lærer nye ting og nye teknikkar.

Lise Fure Håvik (19), Stryn

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk på vidaregåande skule i Stryn. Der valde eg service og samferdsel første året, og så valde eg reiseliv andre året.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg valde denne retninga fordi eg visste allereie på ungdomsskulen at reiselivet var noko eg kunne tenkje meg å lære meir om. Eg har alltid synst det er kjekt å lære om andre land og kulturar og om vertskap, sal og marknadsføring. Noko som påverka valet mitt litt, var nok at då eg gjekk på ungdomsskulen, var eg med på karrieredag på Stryn vidaregåande skule. Då fekk eg høyre korleis det var å gå den linja, og litt om dei ulike faga. Dette gjorde at eg blei endå sikrare i valet mitt.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter vidaregåande valde eg å bli lærling. Då var det resepsjonsfaget eg ville ta fagbrev i. Først var eg lærling på Gloppen Hotell på Sandane i eitt år, deretter bytte eg til Hotel Alexandra i Loen og var der i eitt år. Eg er framleis på Hotel Alexandra og skal ta fagbrev til sommaren.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Det kjekkaste med å jobbe som resepsjonist er å snakke med gjestene. Det er alltid kjekt å sjekke dei inn, svare på telefonar og e-post og å handtere forskjellige situasjonar. Eg har lært utruleg mykje og trur at eg kjem til å få god nytte av det seinare. Men det aller kjekkaste må nok vere å få gode tilbakemeldingar frå gjestene. Då veit vi at vi har gjort ein god jobb, og at dei er fornøgde og kanskje vil komme tilbake seinare.

Joackim Refvik (29), Måløy

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk naturbruk, akvakultur og påbygging.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eigentleg ville eg bli styrmann, men etter å ha vore på oppdrett fann eg ut at eg heller ville slå inn på naturbruk. Det som påverka valet mitt mest, var at eg ikkje ville vere vekke halve året. På oppdrett kjem eg heim kvar dag, og eg har fri kvar tredje veke!

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Etter vidaregåande jobba eg litt her og der i to år. Var på Pelagia når der var sesong. Utanfor sesong på Pelagia var eg helgevakt og tilkallingsvakt på Rundereimstranda (Mowi) og tilkallingsvakt i kommunen ved Klokkerhagen og Kvia (omsorgsbustader). Eg tok òg borekurs i løpet av desse to åra. Deretter kontakta eg Mowi og fekk lærlingplass på Beitveit.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Eg kjem ikkje på ein bestemt ting som er det kjekkaste med jobben, men her er mykje kjekt. Ein får jobbe ute kvar dag og køyre båt og kran. Det er mange forskjellige operasjonar og veldig godt arbeidsmiljø, og ikkje minst skiftordninga der vi har fri kvar tredje veke!

Gunnar Fjellestad (41), Sandane

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk på elektrolinja på Nordfjordeid.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg er oppvaksen på gard og var vand til å arbeide praktisk. Det var derfor naturleg å velje ei linje på yrkesfag. At det blei akkurat elektro, var litt tilfeldig.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Eg hadde læretida hos ei bedrift på Sandane og tok fagbrevet der. Så tok eg teknisk fagskule i Førde. Deretter arbeidde eg som elektrikar i nokre år før eg tok installatørprøva. Eg arbeidde som installatør i ei bedrift i Bergen i åtte år, før eg i 2015 starta mi eiga bedrift, GF design. Eg har stor interesse for faget og er glad i å arbeide. Det har gjort at eg har fått vere med på spennande prosjekt innan bustad, næring, industri og tv-produksjon. No har eg flytta tilbake til Sandane, der eg driv GF design. Vi er to tilsette og driv med elektroinstallasjon og produkt- og lysdesign.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Elektrikaryrket omfattar arbeid med mange typar system som heile tida er i utvikling. Det krev at ein kontinuerleg oppdaterer og utviklar seg fagleg.

Øyvind Starheimsæter (29), Nordfjordeid

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk vg1 TIP og vg2 industriteknologi ved Eid vidaregåande.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Valet om å gå TIP tok eg etter å ha vore der på skulebesøk i 10. klasse. Eg hadde eigentleg tenkt å søkje elektro, men etter å ha fått ei innføring i maskiner og utstyr som var på TIP, ombestemte eg meg.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Då begynte eg som industrimekanikarlærling hos West Mekan. Etter lærlingtida hadde eg eit år i Forsvaret, før kom tilbake og fortsette som CNC-operatør/programmerar. Nokre år seinare tok eg fagbrev i CNC-maskinering, og i tillegg tok eg teknisk fagskule på deltid. Dei siste fire åra har eg jobba som avdelingsleiar på maskineringsavdelinga.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Det kjekkaste synest eg er at jobben er variert. Eg sit ein del på kontor, men er òg ofte i produksjonen og maskinerer delar. Vi har stort fokus på kvalitet og finish på det vi lagar, og då er det ekstra stas når ein får gode tilbakemeldingar frå kundane. Noko anna som er kjekt, er at vi får bruke maskinene til litt privatjobbar om vi treng det. Eg skrur ein del motorsykkel på fritida, og då er det veldig greitt å ha tilgang til ein topp moderne maskinpark om ein skulle mangle noko eller det er noko som er øydelagt.

Olaug Wold (48) Selje

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk allmennfag (studiespesialisering) på Firda vidaregåande skule på Sandane frå 1989 til 1992.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Denne skulen stod som førsteval fordi han hadde eit godt rykte, og eg kjende meg vaksen nok til å flytte på hybel. Linja blei allmennfag (studiespesialisering) fordi eg ikkje heilt visste kva eg skulle utdanne meg som.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Året etter var eg au-pair i England, der eg også tok to eksamenar i engelsk ved University of Cambridge. Deretter blei det DH i Måløy i to år med grunnfag og mellomfag i engelsk, i tillegg til fonetikk og lingvistikk, før eg utdanna meg til advokatsekretær på MI i Oslo. Eg jobba som vikarlærar i fleire periodar, som linefiskar på fire ulike båtar og i Sparebanken Vest i fire år. Ved sida tok eg lærarutdanning på deltid. Sidan det har eg jobba 13 år på Selje skule, dei siste åtte som inspektør/avdelingsleiar.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Det kjekkaste med jobben min er mangfaldet og variasjonen. Eg får brukt mykje av utdanninga mi og erfaringane mine og får jobbe med menneske i mange aldrar.

Hege-Renate Glosvik Espeland (21), Stryn

Kva linje gjekk du på vidaregåande?
Eg gjekk på vidaregåande i Stryn. Eg tok vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 helsefagarbeidar.

Kvifor valde du denne retninga, og var det nokon som påverka valet ditt?
Eg hugsar at det var uaktuelt med tre år studiespesialisering, først og fremst fordi eg var litt skulelei. Eg ønskte å gjere noko litt meir praktisk, og eg var jo generelt interessert i menneske, kropp og helse. Så det måtte bli helselinja. Sjølve valet tok eg heilt på eiga hand, men naturlegvis blei eg meir og meir interessert i faget fordi eg hadde fleire i familien som jobba innanfor yrket. I tillegg fekk vi god informasjon om dei forskjellige moglegheitene i løpet av tida på ungdomsskulen, og ikkje minst fekk vi hospitere litt rundt om.

Kva har du gjort etter vidaregåande, og kva gjer du no?
Først var eg lærling i kommunen i to år for å kunne ta fagbrev som helsefagarbeidar.
Deretter tok eg eit år påbygg på Nordfjordeid for å få studiekompetanse så eg kunne søkje på sjukepleia. I dag er eg førsteårsstudent i sjukepleie på HVL i Førde.

Kva er det kjekkaste med jobben din?
Utan tvil det sosiale fellesskapet, det å ha så mange rundt seg, både kollegaer og brukarar, og å kunne hjelpe andre og kvarandre. Det er ein jobb som er svært givande, og der ingen dagar er like, noko som igjen gjer arbeidet spennande, utfordrande og lærerikt.