Davikjenta som droppa ut – og inn att

Elisabeth Hatlenes (41) slutta på vidaregåande og skaffa seg arbeidserfaring i staden. – Valet etter ungdomsskulen handlar om mykje meir enn retning og fag, meiner ho.

Prøve og feile: Det er viktig å prøve ut ulike yrke før ein tek eit val. Lærarutdanninga er dessutan eit godt utgangspunkt til andre jobbar seinare, seier Høgre-politikaren Elisabeth Hatlenes.

Tolv år gammal flytta familien frå Måløy til Davik for å ta over garden til besteforeldra. For mange er det problematisk å flytte i den alderen, men ikkje for Elisabeth.

– Eg omstilte meg raskt, det handlar mykje om personlegdom også, seier den nye rådgjevaren og koordinatoren i Nordfjordrådet.

Trist hybelliv

Sjølv om Eid ligg berre 45 minutt frå Davik, er det tradisjon blant ungdomane i bygda å flytte på hybel når ein byrjar på vidaregåande. Sjølv valde ho Måløy. Sekstenåringen hadde ikkje peiling på kva ho ville, og følgde rådet til foreldra om å ta allmennfag.

– Eg var den einaste i mi klasse som budde på hybel. Etter skuletid fór alle dei andre heim, medan eg sat i det store, tomme huset som foreldra mine framleis eigde. Det var stussleg, ingen aktivitetar på skulen om kveldane, ikkje noko fotball, som eg var så glad i. Så eg droppa ut etter nokre månader.
Dermed flytta ho heim og sorterte laks og aure ved Davik fiskeindustri resten av skuleåret.

– All jobberfaring er nyttig. Far min lærte meg at lediggang er rota til alt vondt, at det alltid er råd å finne ein jobb og det er viktig å tene eigne pengar.

Fritidstilbod viktig

Politikarane bestemmer kvar studieretningane skal vere, men dei ser ikkje behovet til ungane når det gjeld til dømes fritidsinteresser.
– Nokon vil til Førde på grunn av volleyball, andre til friidrettsmiljøet på Sandane. Når ein er 15-16 år er det så mange andre ting ein tenkjer på enn kva ein skal «bli når ein blir stor». Det er viktig at både foreldre og rådgjevarar ser dette. Motivasjonen er også ulik. Nokon er dritlei skule, medan andre er fulle av ambisjonar. Det sosiale presset, jaget etter karriere og å ta dei rette vala har vorte større sida den gongen, meiner ho. Dessutan er det betre nettverk og fleire tilbod for hybelbuarane no, også i Måløy

Den våren vart Elisabeth kjent med ein gjeng jenter, som no bestemte seg for å reise til Førde på skule og bu ilag. Davikjenta byrja på Helse og sosial grunnkurs, og dette vart eit meir sosialt liv enn i Måløy.

– Mykje fest og moro, film og kortspel, mimrar ho.

Reirbygging

Året etter valde ho Måløy att, og VG1 Barne og ungdomsarbeidar. Samstundes jobba ho på sjukeheim, og samla enda meir erfaring. Studiekompetansen kom på plass i Bergen, det same gjorde eksamen i fysikk og kjemi, for no ville Elisabeth bli tannlege.

Men så dukka det opp ein stryning. Det dukka opp ein veksande mage, det kan lett skje. Så vart det reirbygging i staden for studie ein periode. Men å bli forelder betyr ikkje ein bom for vidare utdanning. Elisabeth tok fireårig lærarskule på tre år og flytta heim til Davik i 2009.

– Jobbane i butikk, på Ikea og sjukeheim, lærte meg om menneskeverd og å vere noko for andre. Men og at turnusyrke ikkje var noko for meg. Eg ville ha fri når ungane har fri.

Foreldra som førebilete

Det er ein samanheng mellom å fullføre, same kva, og psykisk helse. Dessutan går utanforskap lett i arv. Elisabeth trur det er viktig at barn opplever at foreldra går på jobb, same kva.

– Foreldre må lytte til behova til ungdomane. Vidaregåande skule endrar seg heile tida, det er vanskeleg å henge med og sette seg inn i stadig nye liner og retningar. Skulane bør vere flinkare til å ta med elevane på bedriftsbesøk, vise kva jobbar som finst og møte lærlingar, til dømes ved Simona Stadpipe og Elkem. Foreldre ser lett berre dei tradisjonelle faga. Det er ingenting som heiter «berre» ein mekanikar, Nordfjord treng mange fagarbeidarar for at næringslivet og det offentlege skal gå rundt. Eit fagbrev er like viktig som ein mastergrad.

Elisabeth innrømmer at ho ikkje forstod kor bra Nordfjord er før ho flytta heim. Verdiskapinga som skjer, samanhengen mellom vidaregåande, arbeidsplassar og ressursar. Fjord og fjell…

– Jo da, han får flytte på hybel, legg ho brått til med tanke på sonen.

– Målet til oss foreldre er jo å gjere ungane våre sjølvstendige, vi må førebu dei på vaksenlivet.