Den gode samtalen

Tips og råd til deg som foreldre/føresett

Vanskeleg å snakke med ungdommen din

Synest du det er vanskeleg å snakke om framtidsplanar med ungdommen din? Då kan det vere lurt å snakke med han/henne når «lyset er på» og vedkommande «er heime», altså når ungdommen er mentalt til stades og i modus til å snakke om temaet.

Felles aktivitet som utgangspunkt for samtale

Kanskje har du opplevd den gode samtalen med den håpefulle når de held på med ein aktivitet? Til dømes kan fjellturar, lærekøyring, vedkløyving og fisketurar vere fine utgangspunkt for samtalar. Å spele dataspel i lag kan vere eit anna, så lenge aktiviteten er lystprega. Det handlar om å komme i posisjon til den gode praten når ungdommen er motivert for det.

Ver nysgjerrig på ungdommen sine interesser

Då kan du setje i gang «dei små grå», og barnet ditt kan bli betre kjend med seg sjølv og sine eigne verdiar («kven er eg?»). Ver open for tankane og ideane til ungdommen din. Aktuelle spørsmål du kan stille ungdommen: Kva er viktig for deg? Kven er forbildet ditt? Kva gir deg meistringskjensle? Kva blir du motivert av? Kvar vil du bu? Er det noko spesielt du ønskjer å forbetre eller bidra med?

Forsking viser at å medverke positivt og vere ein nyttig bidragsytar i samfunnet er ein viktig faktor for eit godt liv (usn.no). Ungdommen bør oppmodast til å bruke både hovudet og hjartet når han eller ho skal gjere val for framtida.

Ikkje samanlikn ditt barn med andre sine

Din ungdom er unik og har sine eigne kvalitetar og evner. Det som er rett for andre, er ikkje nødvendigvis rett for barnet ditt. Vis heller at du har trua på at avkommet klarer å ta eigne val sjølv om det er vanskeleg (utdanning.no).

Stor påverknadskraft

Hugs at du som forelder/føresett har stor påverknad på tenåringen sitt val. Unngå å meine for mykje eller leggje føringar ut frå eige utgangspunkt. Kanskje du ikkje er heilt oppdatert på moglegheitene i dag? Bruk heller deg sjølv som døme: Kva gjer deg stolt og glad i eigen jobb? Jobbar du med det du først utdanna deg til? Gi tryggleik på at vegen ofte blir til mens du går, og at det går heilt fint å endre retning undervegs. Hjelp ungdommen til å senke skuldrene. Vis at du er til stades og kan vere ein støttespelar i prosessen (usn.no).

Kvar kan du finne ut meir?

For å hjelpe ungdommen kan det vere lurt å vite kvar du finn meir informasjon. Til dømes kan utdanning.no og vilbli.no vere stader å begynne. I tillegg til oss kan du ta kontakt med rådgivarar både på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane. Høyr gjerne på ein podkast om temaet: «Hva skal jeg bli – og hvordan skal jeg bli det?» laga av Universitetet i Sørøst-Norge.