Ei av dei som torde å satse på det ukjende

Mari Kvalheim (22) er ei av få kvinner i elektrofaget i Nordfjord. Mot til å satse på det ukjende, litt tilfeldigheiter og vilje til faktisk å følgje magefølelsen er viktige faktorar i suksessen til Mari. Eit ekstra år på skulebenken førte til at Mari fekk draumejobben ho ikkje var klar over: tavlemontør.

Mari Kvalheim, tavlemontør

I 10. klasse hadde ho, som mange andre, inga aning om kva ho skulle utdanne seg til. Ho starta på studiespesialiserande, men enda opp som lærling hos Eid Elektro. Kva skjedde?

Det skadar vel aldri å prøve?

Uvitande og med eit ope sinn starta Mari på studiespesialiserande i Måløy. Ho skjønte fort at det å sitje på skulebenken med mykje teori i tre nye, relativt like år ikkje var det ideelle for henne. Mari fullførte første året i Måløy, før ho tenkte: Det skadar vel aldri å prøve noko nytt? Eit vagt minne om hospitering på ungdomsskulen opna auga for yrkesfag og elektrolinja på Nordfjordeid.

Nokon vil kalle året i Måløy bortkasta, men vi og Mari ser på det som ei viktig erfaring. Ein omstart på ei yrkesfaglinje var akkurat det ho trong. I løpet av første året på elektrolinja merka Mari kor mykje kjekkare det var å lære gjennom ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid. For henne kjendest dette rett ut, og magefølelsen viste seg å stemme. Første året gjekk ho elektro, før ho gjekk vidare innanfor automasjon og til slutt tok fagbrev. Det gav meirsmak å få nytte teori i praksis, så denne forma for læring var midt i blinken for henne. Ho fekk sjå og vere med på at eit produkt blei til, frå start til slutt.

Første kvinne på tavleverkstaden hos Eid Elektro

Det er ikkje til å komme forbi at yrket som tavlemontør er mannsdominert, til liks med yrkesfaglinja elektrofag generelt. Mari var ei av fire jenter blant totalt 24 elevar i kullet på elektrolinja, og blei den første kvinna som jobba på tavleverkstaden i Eid Elektro. Her byggjer ho elektriske tavler, inklusive mekanisk arbeid, og set opp alt av komponentar og koplar det heile saman. Kvar tavle er unik og tenkt til forskjellig bruk. Hovudsakleg byggjer ho tavler til tunnelar, men ho har òg vore borti brannskåp og sikringsskåp. Å våge å ta utradisjonelle val er beundringsverdig, men noko Mari ikkje har frykta. «Det er ikkje så gale å gå i klasse med berre gutar, berre litt mindre drama og litt meir griseprat» – verre er det ikkje.

Behovet for noko anna enn Nordfjord har aldri vore der

Mari er fødd og oppvaksen i Nordfjord, nærmare bestemt på Flatraket. Nordfjord har gitt henne alt ho treng i livet, og den trygge, innhaldsrike barndommen har gjort henne til ei sjølvstendig kvinne som tør å gjere det ho sjølv vil. Ho har i lengre tid vore open for å bu andre plassar, men det er ikkje mykje som kan slå Nordfjord. Kombinasjonen av vakker natur, folka og eit enormt næringsliv er uslåeleg. «Nordfjord har varierte moglegheiter innan skule, jobb og fritid, noko som passar meg særs bra. For ikkje å gløyme at familien og vennene mine òg er her.» I dag har ho og sambuaren kjøpt leilegheit på Hauane, og om kort tid skal dei tre inn i rolla som foreldre sjølve. Ei ny, spennande og givande tid.

Stol på magefølelsen

Bodskapen frå Mari er klar. Dersom du har ein magefølelse på at du vil noko, så stol på den. Gjer akkurat det du sjølv vil og tykkjer er rett, då angrar du i alle fall ikkje på det i etterkant. Og dessutan: Er du redd for å velje feil, er det umogleg. All kunnskap er bra, og vala du tek, vil uansett gagne deg i form av lærdom på eit eller anna vis. Det blir sagt at ein berre angrar på det ein ikkje har gjort. Kvifor risikere å sitje igjen med den kjensla?